Gå til sidens hovedinnhold

Eit tungt år går mot slutten – mange gruar seg til jul

Hjelpetilbodet hos Mental Helse går jula i møte med auka bemanning og utvida opningstid. Fleire enn før tek kontakt for å snakke om dei tyngste tankane.

– Vi trur ikkje at einsemdkjensla blir mindre denne jula enn vanleg. Mange ringjer oss og fortel at dei gruar seg til jul, dei føler seg veldig åleine. Det byrja allereie i september, seier Aslaug Timland Dale, dagleg leiar for Mental Helses hjelpetelefon.

Det har vore eit travelt år. Førespurnadene strøymde på etter at Ari Behn tok sitt eige liv første juledag i fjor. Dale beskriv det som ein tsunami.

– Det utløyste mykje kjensler og mange tankar. Og så kjem det nok av at telefonnummeret til hjelpetelefonen vart oppgitt ved kvart høve det var omtale i media, seier ho.

Organisasjonen har svart på 48.000 fleire førespurnader (telefon, chat, skriftleg) per utgangen av november enn i same periode i fjor. Målet er at auken skal vere på 50.000 innan nyttår.

Klarer ikkje svare alle

Telefontenesta er døgnopen. Pågangen er til tider så stor at dei ikkje har klart å ta seg av alle førespurnadene.

– Det var veldig vondt å sitje som dagleg leiar og vite at vi ikkje klarte å vere der for alle som ville snakke, seier Dale.

Så kom koronaen. Mange vart redde, urolege og frustrerte. Andre vart sitjande å kjenne på ei einsemd som varte og varte.

Første halvår i år fekk Mental Helse 15.000 fleire telefonar enn i same periode året før, ein auke på 30 prosent. Etter å ha fått ekstra pengar av helseminister Bent Høie (H), heimkommunen Skien og private givarar, kunne hjelpetelefonen styrkje bemanninga.

– Det betyr at vi no kan ha fleire linjer oppe, særleg i tidsrommet frå klokka 18 om kvelden til 5 om morgonen. Det er då flest tek kontakt, seier Dale.

Auke i dei tyngste temaa

Mental Helse har òg utvida chattetenesta sin. No held dei ope frå klokka 18 til klokka 2 kvar dag, før var det ope tre timar tre dagar i veka.

Barn og unge brukar helst chattetenesta eller eventuelt skrivetenesta, der ein kan skrive lengre tekstar om det ein tenkjer på.

– For mange kjennest det heilt unaturleg å ringje. Dei har høg terskel for det, seier Dale.

Ei oppsummering som gjeld november månad, viser at førespurnader om sjølvmord har hatt ein relativ auke på 31 prosent frå same månad i fjor. Talet for tvangstankar auka med 30 prosent, medan angst auka relativt med 11 prosent.

– Det er urovekkjande kva tema som blir tekne opp. Vi har sett ein veldig stor auke i saker som handlar om sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading, seier Dale.

Meir merksemd om psykisk helse

Kirkens SOS opplever òg at året 2020 har vore spesielt tungt for mange. Alvorsgrada har stige på heile skalaen, seier generalsekretær Lasse Heimdal til NTB.

– Vi ser at førespurnader på den ytste enden, der folk seier at dei ikkje lenger ser meininga med å leve, har dobla seg i år, seier han.

Sjølv om hjelpetelefonane merkar seg fleire førespurnader frå folk som slit med dei verkeleg tunge tankane, viste tal frå Dødsårsaksregisteret ein nedgang i talet på sjølvmord då koronasmitten trefte landet i vår. I perioden mars-april-mai tok 140 menneske livet sitt, medan gjennomsnittet i same periode dei fem tidlegare år var 160.

Heimdal understrekar at ein ikkje veit noko om årsaka, og at ein må vere varsam med å tolke tala. Likevel kan det vere naturleg å tenkje at auka merksemd rundt psykisk helse har gitt effekt.

– Vi håpar det. Telefonsamtaletenester er viktig for mange, men det viktigaste er at vi snakkar saman som menneske, familie og venner. Varetaking av psykisk helse kan ikkje overlatast til spesialisthelsetenesta og hjelpetelefonar, seier han.

Lærer opp fleire

Smittevernreglar har til dels sett sitt preg på drifta hos Kirkens SOS. Som alle andre, må frivillige til tider sitje i karantene eller halde seg heime når dei er sjuke. Og hjelpeteneste er ikkje nødvendigvis noko som fungerer så godt på heimekontor.

– Nokon kan kanskje jobbe heimanfrå, men det kan vere så krevjande å høyre om desse tunge temaa at mange gjerne vil sitje i eit fellesskap der dei har andre rundt seg, seier Heimdal.

Kirkens SOS er òg i gang med å utdanne fleire til å bemanne hjelpetenesta. Nokre er allereie på plass, men opplæringa tek tid, så full effekt ser ein først neste år.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken