Raudt får ei oppslutning 4,6 prosent og kan med det gå frå éin til åtte representantar på Stortinget, ifølgje prognosen frå Valdirektoratet klokka 21.45.
– Dette kjennest heilt fantastisk! Eit historisk val for Raudt der vi mangedoblar representasjonen vår på Stortinget. Det trengst dersom vi skal ta Noreg i ei ny retning der vi skal få ned dei økonomiske forskjellane og klimautsleppa på ein rettferdig måte, seier nestleiar Marie Sneve Martinussen til TV 2.
Ved førre stortingsval i 2017 fekk Raudt 2,4 prosent av stemmene. Det gav partiet éin representant på Stortinget, partileiar Bjørnar Moxnes.
Prognosen frå Valdirektoratet måndag kveld viser at partiet ligg an til å få ei oppslutning på noko under 5 prosent av stemmene, noko som vil gi partiet åtte representantar på Stortinget, fire utjamningsmandat.
– Vi er villige til å samarbeide med eit nytt fleirtal. Vi trur at vi ikkje gjer det best, som eit framleis lite parti, ved å gå inn bak lukka dører og bli køyrt over av Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Då vil vi heller stå utanfor, hente styrke frå fagrørsla, miljørørsla, kvinnerørsla, fredsrørsla og alle dei andre viktige folkerørslene, og då kan vi presse gjennom reell forandring i Noreg, seier Martinussen til NRK.
(©NPK)