Det påpeikar styreleiar Reidar Sandal i pådrivarselskapet Kystvegen Måløy-Florø. Alarmklokkene ringer høglytt no etter at fylkesrådmann Rune Haugsdal har foreslått ei symbolsk startløyving først i 2024, det siste året i planperioden i Regional Transportplan (RTP) Han foreslår i staden å få utført nokre mindre prosjekt for politikarane i finansutvalet, som skal handsame saka først den 19. november. Endeleg vedtak i saka skal gjerast i fylkestinget i desember.

Tryggleik viktigast

Sandal har aliert seg med Elkem Bremanger og direktør Arne Werge-Olsen for å synleggjere kor elendige vegtilhøva er på Fv 614 mellom Indrehus og Svelgen. Særleg ille er den smale passasjen ved Tennøysundet. Den gamle vegen kviler delvis på ein natursteinsmur og er delvis innskoten i fjellet i den bratte fjellskrenten som går rett i havet. Her kan to lastebilar ikkje passere kvarandre.

- Nokre stader er det så smalt at to personbilar ikkje kan passere heller, påpeikar verksdirektøren, som sjølv pendlar inn til jobb på denne vegen.

- Vi har hatt utfordringar med å skaffe nok høgt utdanna folk til verksemda vår. Ein tryggare og raskare veg vil gjere det langt lettare å få folk til å busetje seg eller pendle inn. Men det aller viktigaste for oss er tryggleiken for våre tilsette. I tillegg er vi avhengige av ein god del trailer-transport ut og inn i bedrifta og vi har kring 500 traileroppdrag hos oss i året, påpeikar han.

Fortidas vegar

Leiar May Britt Bratseth i Bremanger Næringsråd engasjerer seg også sterkt i saka.

- Vegane her høyrer fortida til og det harmonerer dårleg når vi jobbar aktivt med å utvikle eit framtidsretta næringsliv. Vi er også avhengige av betre pendlarvegar for å kunne busette familiefolk i lokalsamfunna våre. Det er merkeleg at vi har ein kyststamveg som faktisk ikkje ligg i kystregionen, påpeikar ho.

Bildeserie

Fv 614 ved Tennøysundet

Sambygding og ordførar Anne Kristin Førde (Ap) bur seg på eit hektisk politisk arbeid fram mot fylkestinget.

- Den første moderniseringa av vegen mellom Bremanger og Flora, Magnhildskartunnelen, kom i 1965. Det 55 år sidan, så utviklinga av infrastruktur i vårt område går ikkje fort. Men Kystvegen-prosjektet handlar ikkje berre om oss, det handlar om å utvikle bu- og arbeidsmarknaden til nytte for heile kystregionen . Mange politiske parti har signalisert at dei ønsker å realisere Kystvegen, men no må dei vise at dei faktisk kan stå for det dei har sagt, seier ho, og minner om at det også handlar om framtidsretta miljøkrav og det grøne skiftet. Utan utvikling innan infrastrukturen blir det ikkje lett å vere i front av den utviklinga. Derfor må ein komme i gang med traseen Svelgen-Indrehus no.

I det blå?

Utfordringa ligg i at prosjektet er kostnadsreknar til 1,43 mrd kroner. Dersom vegen skal førast utanom Svelgen sentrum via Kruna, er prislappen på 1,65 mrd kroner, noko fylkestinget tidlegare har vedtatt som uaktuelt på kort sikt.

Viss fylkesrådmann Haugsdal sitt forslag blir vedtatt med eit symbolsk startbeløp i 2024 og ingen konkret plan for kva som skal skje vidare, har ein ingen garanti for realisering i det heile teke.

- Fem millionar kroner er ikkje nok til å køyre fram anleggsmaskinene ein gong. Det er ingen tvil om at folk og næringsliv i regionen er entusiastiske til Kystvegen-prosjektet, men blir det ikkje no, fryktar eg at lufta kan gå ut av ballongen for godt, seier Reidar Sandal.

Han veit sjølvsagt at fylkesrådmannen og politikarane har ein vanskeleg jobb med å prioritere med tronge økonomiske rammer i fylkeskommunen.

- Vår strategi er ikkje å snakke ned andre, men vi ser at Vestland tek seg råd til ein del dyre prosjekt, påpeikar Sandal.

Mellom anna blir det nye administrasjonbygget til fylkeskommunen i Bergen eit skikkeleg signalbygg.

Kystveg-strekninga Svelgen-Indrehus kan bli utsett mange år.

Stilna av

Som pådrivar for Kystvegen opplever Sandal å ha møtt på mykje velvilje, men det har endra seg siste tida no når dei politiske avgjerslene nærmar seg.

- Det har blitt merkbart stillare på telefonen no etter sommarferien. Sjølvsagt er det slik no når alvoret nærmar seg. Men vi er eit pådrivarselskap og kjem til å jobbe hardt for saka i vekene som kjem, konstaterer Sandal, som kjenner spelet frå si eiga karriere i regjering og i Stortinget.

Vi møter mykje velvilje, men det blir ikkje bygd ein meter veg med det.  Det er ikkje berre å reise rundt i valkamp og love. 

Reidar Sandal

Ein faktor som truleg spelar ei rolle for det politiske klimaet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, er avgjersla om å dele aksjeverdiane av Sogn og Fjordane Energi (SFE) ut til kommunane i gamlefylket før samanslåinga til Vestland.

Vondt blod?

- Dette skapte nok litt vondt blod. Terje Søviknes (FrP) er den einaste som seier dette opent, men vi veit ikkje om det spelar noko rolle. Det kan ligge der i bakgrunnen utan at det blir sagt.

I fylkestinget i 2017, rett før samanslåinga, vart Kystvegen Svelgen-Indrehus vedtatt på førsteplass. I det nye fylkestinget, vart det gjort vedtak i desember 2019. Det vart sett av ei startløyving for 2021 og sett av midlar til samanhengande arbeid med vegen i påfølgande år. Samstundes sa både politikarane og fylkesrådmannen at budsjetta var urealistiske og at ein måtte gå gjennom investeringsplanane våren 2020. Førebels ser det ut til å ende med at Kystvegen ikkje er inne i varmen.