Gå til sidens hovedinnhold

Eirik samlar kulturlivet til støttefestival for å realisere Husabua kulturscene

Artikkelen er over 1 år gammel

Responsen på ideen om å lage ein støttekonsert for å samle inn pengar til å realisere Husabua var så god at det fort blei klart at konsert ikkje var nok. Midt i august inviterer Eirik Husabø til støttekonsert i bua.

Det er lite som tyder på at det skal vere musikkfestival i andre etasje i den gamle raude landbruksbua om berre eit par veker. Men det skal det. Eirik Husabø og støttespelarane har ein jobb føre seg, men sjefen sjølv verker likevel å vere ganske avslappa til det som må gjerast.

– Det er ikkje så mykje å gjere eigentleg. Det skal vere litt røft og industrielt. Vi skal slipe golvet, tørke litt støv, og sette opp ein skiljevegg. XL-Bygg støtter oss med materialar, og det hjelper oss veldig. Vi begynner i dag, og så blir det dugnad heile helga.

Eit steg nærmare

Det fortalde Eirik Husabø då vi var på besøk i studioet hans fredag føremiddag. Studioet ligg på loftet i den same landbruksbua, som på eit eller anna tidspunkt forhåpentlegvis skal skifte namn til Husabua på folkemunne. Planane om å lage til ein kulturscene i bua har han sysla med lenge, men i februar 2019 fortalde han om planane i Firdaposten. I august 2020 er planane eit steg nærmare gjennomføring.

– Det er framleis mange brikker som skal på plass, og eg har selt skinnet før eg har skote bjørnen so mange gonger tidlegare at eg vil vere forsiktig med å love noko. Men når eg løfta opp ideen om ein støttekonsert for kulturscena, og ser responsen på frå musikarane, er eg overtydd om at dette lar seg realisere. Dette er noko dei er interessert i, og ønsker seg.

Enorm respons

Responsen var så god at det fort viste seg at tanken om lage ein støttekonsert, måtte utvidast til å bli ein liten støttefestival i staden. Det heile startar fredag kveld. Det held fram laurdag føremiddag, og så blir det ein ny sesjon på laurdagskvelden. Totalt om lag ni timar med lokal og kortreist musikk.

– Åtgaumen har vore heilt fantastisk. Det kjem musikarar frå Sogn og Fjordane. Florø, Førde og Bremanger, og dei verkar å vere heilt utsvelta på å få spele for folk igjen. Eg håper publikum er like entusiastiske. Steinar Svardal stiller med alle rettigheiter. Vi kjem til å søke kommunen om uteområde slik at vi har fleire moglegheiter om det er fint vær. Vi må berre prøve ut dette her, og det er det vi gjer no.

Alt er mogleg

For at landbruksbua skal stå fram som ein ordentleg kulturscene er det framleis mykje som står att. Veggene må isolerast. Nye vindauge skal på plass. Toalett skal inn, og det blir naudsynt med både røyrleggar og elektrikar. Med sponsing frå lokale bedrifter, og ein gunstig leigeavtale med Jens Fanevik som sikrar at det ikkje blir eit berg av utgifter, meiner Husabø at det ikkje er så mykje som skal til før Husabua kulturscene er ein realitet. Håpet er at det er mogleg å samle mykje av kulturen i byen her, i eit lokale som skal vere på kulturen sine premissar.

– Det er eit ønske om å samle kulturen, som i dag er spreidd for alle vindar, som ligg til grunn. Og det skal vere på kulturen sine premissar. Det skjer mykje bra i byen, på Samfunnshuset og Vesle Kinn mellom anna, men dei driv først og fremst butikk. Det er ikkje alltid kunsten kan foreinast med dei kommersielle ideala. Her kan dei arrangere konsertar, eller øve. Vi kan ha små teateroppsetjingar. Her kan vi få til alt mogleg!

Datoen for støttefestivalen er 14 og 15 august, og konsertene vil også bli streamet med mulighet for å støtte prosjektet via Vipps.

Les også

Eirik har ikkje sleppt planane om kulturhus på kaikanten

Les også

Helle og Husabø vil skape ny kulturscene på kaia

Kommentarer til denne saken