FIRDA: – Eg er no lærling om bord på Atløy Viking. I tillegg har eg min eigen båt som eg jobbar med i friperiodar, seier Einar Arne Norstrand.

Første båten han kjøpte var ein 25 fot stor båt som han skulle bruke til krabbefiske.

– Det gjekk fint til å begynne med, eg fiska krabbe og leverte på Herland. Men etter eit halvt år brann krabbefabrikken ned, og det var det, seier Norstrand og humrar.

Begynte tidleg

Men vegen fram til draumeyrket har ikkje berre vore lett:

– Eg har dysleksi, og har aldri vore den beste til teoretiske fag på skulen. Eg har også vore bestemt på at det er fiskar eg skal bli. Foreldra mine la ut ei gulrot til meg: Viss eg gjorde det beste eg kunne på skulen, skulle eg få vere med på fiske på båten til faren min. Det hjelpte. Første sommaren eg var med var eg ti år, seier Norstrand.

Mora, Edel Tviberg, syntest han var for liten å sende på fiske åleine, så første gongen bestemte ho seg for å vere med.

– Det varte ikkje så lenge, for ho blir sjøsjuk omtrent når vi forlèt hamna, seier Norstrand lattermildt.

Sidan har han vore med på fiske i alle feriar. Og dei siste åra også som jobb.

– Etter ungdomsskulen begynte eg som lærling direkte. Det er ei ordning som altfor få veit om. I staden for å ta to år på skulen og så to år som lærling, så kan du ta fem år som lærling. For meg er det heilt perfekt. No har eg eitt og eit halvt år igjen, så har eg fagbrev som fiskar, seier Norstrand.

Men han har ikkje tenkt å gje seg med det.

– Planen er å ta kystskipparutdanning. Eg har stor tru på at i framtida vil fiske bli ei endå viktigare næring for Norge. Og då gjeld det å posisjonere seg, og å tore å satse.

Frisk satsing

Satsing er 19-åringen allereie godt kjent med.

– Det er ikkje så mange som startar eige firma som 16-åringar. Korleis fekk du det til?

– Både far min og søstera mi er med i firmaet, også økonomisk. Utan deira hjelp og støtte hadde det ikkje gått, seier Norstrand.

Han humrar litt og legg til at alt ikkje har gått etter planen.

– Eg kjøpte ein ny båt i fjor sommar. Ein 29 fot stor sjark som har fått namnet Atløybuen. Tanken var å vere med på Lofotfiske i år. Men det er dårleg fiske, og eg kom ikkje med. Så no prøver eg å fiske litt her heime. Men det er ikkje noko godt fiske i år her heller, seier han.

Kva som er årsaka til det dårlege fisket er han usikker på. Men at det er litt for mykje pigghå i havet er han sikker på.

– Pigghåen er freda, og bestanden er begynt å bli veldig stor.

Akkurat no er Nordstrand heime på Herland på Atløy. Det er friperiode frå lærlingjobben på Atløy Viking, ein fiskebåt med eit mannskap på sju.

– Eg fiskar litt. Det er det som er livet, både i jobb og fritid.

Fantastisk yrke

– Å vere fiskar er eit fantastisk yrke. Spenninga er ein viktig del av det. Det er nesten som å gå på jakt. Vi jaktar fisk, og det er like kjekt kvar dag, seier Norstrand.

Også naturen, havet, vêr og vind er noko han nyt i jobben sin.

– Det er utruleg mange naturopplevingar i løpet av ein fisketur. Både på jobb i Atløy Viking, men også i eigen båt i nærområdet.

Livet om bord på båten set han også pris på.

– Når vi har frivakter om bord sit vi mykje og pratar. Vi tilhøyrer ulike generasjonar, og det er alltid spennande å høyre på kvarandre, og lære av kvarandre. Og så har vi sjølvsagt lange friperiodar i land, noko som gir stor fridom, seier Norstrand.

Redd er han aldri på sjøen. Og sjøsjuk blir han heller ikkje.

– Eg er rett og slett veldig heldig på alle måtar. Eg har fått det yrket eg alltid har drøymt om. Og å ta fagbrev når eg får lære alt i praksis og ikkje skal prøve å lese meg til det gjennom ord, det passar meg veldig godt. Det meiner eg at fleire bør prøve. Det er veldig lærerikt.