Gå til sidens hovedinnhold

Ein tilsett smitta heile kyrkjestaben: – Som lyn frå klar himmel

Heile staben i Eid kyrkje vart førre veke smitta av korona. Ei veke seinare har nærkontaktar frå fem kommunar testa positivt.

For abonnentar
(Firda)

Det var truleg under eit orienteringsmøte tysdag førre veke at fem tilsette ved Eid kyrkje vart smitta med covid-19, seier kyrkjeverje Kristen Hundeide til Firda.

Han er sjølv ein av dei smitta.

– Eg har litt feber, men ikkje noko alvorleg sjukdom. Utifrå det eg har fått beskjed om, går det også bra med kollegaene mine, seier han.

Smittekjelda vart spora til Bergen etter at ein av dei tilsette hadde vore på reise der før møtet fann stad. Hundeide seier dei følger alle smittevernreglane på arbeidsplassen, men at dette syner kor lett viruset smittar.

– Vi held god avstand, har handsprit tilgjengeleg og vaskar hender ofte. Under møtet var vi veldig påpasselege, men i ein arbeidssituasjon snakkar ein saman og gjer arbeidsoppgåver saman og ein kan fort gløyme seg litt, seier han og held fram:

– Det kom som lyn frå klar himmel. Det er skummelt kor lett viruset smittar.

Les også

To smitta i Sunnfjord - heng saman med utbrotet i Stad

Fleire nærkontaktar smitta

Torsdag vart 331 koronatestar analysert i Helse Førde. Av dei var ni positive som var registrert i Kinn, Sunnfjord, Stryn, Gloppen og Stad.

I Stad var det fire nye tilfelle, i Sunnfjord to. I dei tre andre kommunane var det eit nytt tilfelle i kvar.

Desse personane er alle nærkontaktar og har blitt smitta direkte eller indirekte av personar som var smitta etter møtet i kyrkja.

– Det er ein vanskeleg situasjon, men ein situasjon vi har kontroll på. Vi har ingen mistanke om ukontrollert smitte i lokalmiljøet, og jobbar no aktivt med å avgrense smitten blant nærkontaktane, seier smittevernlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld til Firda.

Stengd

Kyrkjeverje Hundeide fortel at kyrkja er stengd for all aktivitet utanom gravferder denne veka. For å kunne gjennomføre desse har dei henta inn kyrkjetilsette frå nabokommunane.

Hundeide håpar at han og kollegaene blir fort friske, og at dei så fort som mogleg kan starte opp igjen med normal drift i kyrkja. Dette vil skje når alle dei tilsette er friskmelde og testar negativt for viruset.

Les også

Ni nye smittetilfelle – minst eit av dei i Sunnfjord

Les også

Fem kyrkjetilsette i Nordfjordeid koronasmitta

Les også

Åtte personar testa positivt for korona i Stad – smitten kjem frå Bergen

Kommentarer til denne saken