Gå til sidens hovedinnhold

Ein smitta frå Kinn - deltok på stor ungdomsfest i helga

Tysdag 27. juli melde Helse Førde om ein smitta i Sogndal, og ein i Kinn.

Personen som var smitta i Kinn, deltok i helga på ei stor ungdomssamling på Askrova utanfor Florø.

No ber Jan Helge Dale alle som deltok på festen om å tenke gjennom om dei følgde smittevernreglane under arrangementet.

– Oppmodinga vår er at dei som har vore på dette, bør halde seg i ro, særleg om dei har symptom. Då er det også svært viktig at dei testar seg, men vi kan tenke oss å teste flest mogleg uansett, seier smittevernoverlege Jan Helge Dale.

Den smitta var tilreisande.

Kommentarer til denne saken