Gå til sidens hovedinnhold

Ein siger for Atløysambandet!

Artikkelen er over 1 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vestland Venste og Askvoll Venstre er særs glade for at Venstre, Høgre, Krf og Frp har funne saman på Stortinget for å gjera ferjeavløysingsordninga endå betre. No ligg alt til rette for å forbetre kvardagen for dei som er avhengig av ferjer dagleg.

Ferjeavløysingsordninga vart på byrjinga av 2000-talet løfta fram av Venstre nasjonalt etter initiativ frå Askvoll Venstre. Vi har heile tida jobba aktivt for å forbetre ordninga slik at målgruppa vert utvida. Askvoll Venstre har hatt denne saka som kampsak i over 20 år, og vi synes det er sers gledeleg at vi har hatt gjennomslag sentralt i denne viktige lokale saka, som betyr så mykje for kyst og lokalsamfunn over heile landet.

Vestland Venstre er opptatt av den rolla fylkespolitikarane har som regional utviklingsaktør. Slike prosjekt som Atløysambandet er eit døme på det. Vi vil gjere det vi kan for at ferjeavløysingsordninga som Venstre har kjempa så lenge for, no faktisk blir brukt. Ved å realisere sambandet raskt vil vi dessutan spare fylket for høge investeringar i nytt ferjemateriell når anbodsperioden går ut.

Venstre vil følgje opp denne saka heilt fram – Atløysambandet skal byggjast!

Alfred Bjørlo, Vestland Venstre

Gunnar Osland, Askvoll Venstre

Kommentarer til denne saken