(FIRDA) Klokka 17.46 laurdag ettermiddag rykker naudetatane ut etter melding om ein medvitslaus person i sjøen mellom Rørvika og Kvammen i Askvoll kommune. Personen låg mellom ein båt og eit kaianlegg.
Alt av ressursar vart sendt til staden, både mannskap frå politi, brannvesen og ambulanse i tillegg til luftambulanse.
Klokka 19.00 stadfestar politiet at ein person blei erklært død etter at naudetatane kom fram til staden.
Det er ingenting som tyder på noko kriminelt, men Sunnfjord politistasjon vil undersøke saka vidare.
Dei pårørande er varsla.