(Firda)

Klokka 09.26 fekk politiet melding om ei hending på ein privat adresse i Nordfjordeid i Stad kommune. Hendinga står fram som alvorleg.

– Ein mann i 20-åra skal vere knivstukken, seier Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, til Firda.

Den fornærma er frakta til Haukeland sjukehus. Skadeomfanget er ikkje kjent utover at han var medviten då han blei henta av helse.

Hellesund fortel at dei har kontroll på gjerningsmannen, som også er ein mann i 20-åra.

– Det er ingenting som tyder på at det skal vere fleire personar involvert, seier operasjonsleiaren.

Politiet er på staden og jobbar vidare med å avklare omstenda av hendinga.