Ein ny smitta i Helse Førde sitt område

79 prøver vart analysert søndag.

DEL

(Firda) Måndag analyserte Helse Førde 79 koronaprøver, ein av dei viste seg å vere positiv. Dette melder dei på sine heimesider.

Dette blir åttande dagen på rad der ny smitte vert avdekt av helseføretaket.

Helse Førde fortel ikkje kva kommunar dei nye tilfella held til i.

Helseføretaket opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags