Gå til sidens hovedinnhold

Ein ny positiv koronaprøve i Kinn

Éin av dei 409 analyserte prøvane frå laboratoriet i Førde tysdag kom tilbake positiv.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale fortel til Fjordenes Tidende at den positive prøva kom frå ein nærkontant, og er knytt til utbrotet på ungdomsskulen i Florø.

Smittetilfellet utløyser ingen nye konsekvensar då personen allereie var i karantene.

Dale opplyser også til avisa at det er sannsynleg med fleire slike tilfelle framover.

Kommentarer til denne saken