Ein ny person koronasmitta
(Firda) Det er registrert eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Helse Førde sitt område måndag.
Det var totalt 169 analyserte prøvar, der ein var positiv.
Dette er sjuande dagen på rad der ny smitte vert avdekt av helseføretaket.
Helse Førde fortel ikkje kva kommunar dei nye tilfella held til i.
Helseføretaket opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.
Kommentarer til denne saken