Gå til sidens hovedinnhold

Ein ny koronasmitta torsdag

Det ferskaste koronatilfellet i Sogn og Fjordane er frå Stad kommune.

Torsdag 7. april melder Helse Førde om eit nytt koronatilfelle. Den smitta personen testa positivt på onsdagens analysar, då Helse Førde gjennomførte 384 slike.

Det betyr at vi berre har eitt nytt registrert smittetilfelle dei to siste døgna, av totalt 613 analyserte prøvar.

Stad-ordførar Alfred Bjørlo melder at dei onsdag kveld hadde fått svar på 46 av 48 prøvar tekne på Nordfjordeid tysdag, og 14 av 14 prøvar frå Selje, tekne same dagen.

- Personen som er påvist smitta har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta person i same husstand. Det er ingen nye nærkontaktar, seier ordføraren i ei pressemelding frå kommunen.


Kommentarer til denne saken