Gå til sidens hovedinnhold

Ein ny koronasmitta siste døgret

Helse Førde sine resultat frå testing torsdag er klare.

Torsdagens analysesvar frå Covid-19-testing er no klare, melder Helse Førde. Av 295 analyserte prøvar, blei det funne ein positiv test.

Prøvetakingskommune for den positive prøven er Sogndal.

Av rundt 1415 analyserte prøvar i Helse Førde sitt system dei siste sju dagane, er det påvist 13 koronasmitta personar.

Kommentarer til denne saken