Human-Etisk Forbund (HEF) arbeider politisk for eit livssynsope samfunn i ein sekulær stat. Det vil seie at offentlege institusjonar og lovverk ikkje skal favorisere spesifikke religionar eller livssyn. Det gjeld og i kommunane.

Det er på høg tid å ta inn over seg at det er aukande mangfald i tru og livssyn i Noreg. Stadig færre oppgir å ha ei gudstru. I ei undersøking gjort av Kantar, på oppdrag av HEF, svarer 49 prosent at livssynet som ligg nærast deira eige, er det «humanetiske eller humanistiske livssynet utan noko bestemt gudstru». Litt færre, 42 prosent, svarer «det kristne livssyn». Dei andre svarer «andre religionar» eller veit ikkje.

Innspela våre vil gjere Bremanger kommune meir i takt med utviklinga i samfunnet, meir livssynsopen og inkluderande.

Vi vil her peike ut to område der vi synest det er på tide at kommunen kjem meir på banen. For det første meiner vi at gravplassforvaltinga må gjerast kommunal og livssynsnøytral. Sidan gravplassforvaltinga gjeld alle og er finansiert av kommunen, er det urimeleg at kyrkja skal ta seg av dette og ikkje kommunen sjølv. Gravplassforvaltinga omfattar mellom anna praktisk og juridisk administrasjon og drift av gravplassar. I dei fleste av kommunane i landet er desse offentleg oppgåvene enno lagt til kyrkja lokalt, ved kyrkjeleg fellesråd.

For det andre arbeider HEF for at alle kommunar bør ha offentlege seremonirom, rom som kan nyttast av alle, uavhengig av tru eller livssyn. I alle kulturar og til alle tider har menneske hatt trong for å markere overgangsfasar i livet som fødsel, overgang frå barn til vaksen, stifte familie/ekteskapsinngåing og ved livets slutt.

Vi ønskjer at alle innbyggjarar i lokalsamfunna våre skal føle seg tekne vare på av kommunen. I dag er kyrkjebygg mange stader det einaste offentlege tilbodet. I Bremanger kommune har vi arbeidd i to år no for å få til slike alternativ, kommunale alternativ som no snart skal vere på plass, ifølge ordføraren.

Gjennomfører kommunen desse to punkta, vil Bremanger kommune bli ein meir livssynsopen, inkluderande kommune og meir attraktiv å flytte til. Vi oppfordrar difor alle parti som stiller til val neste år, til å ta dette inn i valprogrammet sitt.