– Ein hån mot dei frivillige

Eliasbåten er drive av dei frivillige i Redningsselskapet. – Givarstøtten og frivilligheta vil forsvinne med nedlegginga av distrikskontoret. Foto: Arkiv- Maiken Solbakken.
Fredag kom den tunge beskjeden om at Redningsselskapet skal legge ned distrikstkontoret i Florø. Det får dei frivillige til å sjå raudt.
No går mangeårig medlem og distriktsstyreleiar på andre perioden i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane, Olav Steimler, av i protest. Og han er ikkje åleine.
– Eg har vore frivillig i over 20 år. Meldinga om å flytte kontoret i Florø til Bergen, kom som lyn frå klår himmel. Det er rett og slett ei hån mot alle dei frivillige som kvart år har lagt ned mange hundre timar i dugnad for Redningsselskapet, seier Bjørn Korneliussen, styremedlem i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane.
Massiv støtte på Facebook
Laurdag mobiliserte florøværingane seg ei støttegruppe på Facebook «Vi som vil ha Redningsselskapet i Florø». Søndag kveld hadde gruppa over 3630 medlemmar. Korneliussen merka også godt det veldige engasjementet og har teke i mot fleire uroa telefonar frå folk i fylket som er redd for den framtidige aktiviteten til selskapet.
Les også: Redningsselskapet forlet Sogn og Fjordane
– Den nærheita Redningsselskapet har hatt i Sogn og Fjordane dei siste 100 åra vil forsvinne. Medlemmar og frivillige har drive førebyggande arbeid rundt farane ved sjøen, og om dei på kontora i Oslo trur det blir meir effektivt å legge koordineringa til Bergen, tek dei feil.
Han ser på avgjersla som eit tydeleg signal på manglande tillit og spår ei massiv medlemsflukt.
– Kor er lojaliteten til fylket? Å fjerne kontoret i Florø er like gale som å flytte Røde Kors ut av fylket. Redningsselskapet vil ikkje vere det same utan frivilligheita eller donasjonar frå næringslivet, seier han og fortel at det er dei frivillige som reiser rundt i fylket og er synlege i alle sosiale settingar.
Skal koordinerast frå Bergen
Beredskapen og redningsskøytene vil bli verande som i dag, men alle andre aktivitetar skal koordinerast frå Bergen. Martin Malkenes har i fleire år leia kontoret frå Florø, og har arrangert sommarskular og promotert Eliasbåten – viktige, førebyggande bidrag til å auke tryggleiken på sjøen, som no vil bli drivne frå Bergen.
– Det vil ikkje vere medlemmar igjen til å strikke vottar og halde basarar til inntekt for selskapet. Det vil heller ikkje vere frivillige igjen til å reiser fylket rundt med Eliasbåten, seier Korneliussen og fortel at det berre er ei lita veke sidan selskapet lova å halde eit nytt barnekurs med Elias.
– Redningsselskapet har vore hjartesaka vår, og Eliasbåten er hjartebarnet vårt. Nedlegging av kontoret vil fjerne givarstøtta, frivilligheita og er ei rasering av distriktet, avsluttar han.
Kommentarer til denne saken