Rettssaka om ein eventuell forkjøpsrett til aksjane i SFE er no avslutta, etter at BKK i dag trekte sin anke for Høgsterett. Arbeidet med å overdra aksjar til kommunane kan no starte, i tråd med fylkestinget sitt vedtak.
– Dette er ein gledesdag. Vi har vunne fram i kampen for at verdiane som ligg i SFE-eigarskapen kan bli verande i fylket og aksjar i SFE kan fordelast på kommunane i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling.
– Det har kosta mykje tid og ressursar, men vi vann fram i to rettsinstansar og er glade for å kunne gjennomføre fylkestinget sitt vedtak.
Som følgje av dommen må BKK dekkje fylkeskommunen sine sakskostnader for tre instansar.
Vil sikre lokal eigarskap
Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag den største aksjeposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjennom selskapet SF Holding. Fylkeskommunen gjekk i fjor til søksmål mot BKK, den nest største eigaren i SFE, for å få avklart om dei vil ha forkjøpsrett ved ei eventuell overføring av aksjane i SF Holding til kommunane i Sogn og Fjordane.
Bakgrunnen er at dei folkevalde i Sogn og Fjordane har vore opptekne av å sikre at verdiane av eigarskapen i SFE skal bli verande i dagens Sogn og Fjordane også etter fylkessamanslåinga med Hordaland.
Fylkestinget vedtok i desember 2018 at dei ønskte å overføre 80 prosent av aksjane i SF Holding til kommunane i Sogn og Fjordane, under føresetnad av ein rettskraftig dom i saka om forkjøpsrett. Fordi føresetnaden no er på plass, kan arbeidet med overdraginga av aksjar til kommunane starte.
Fordeling av aksjane
Overdraginga vil skje etter ein fordelingsnøkkel som vart vedteken i fylkestinget i juni 2019. Modellen inneber at 65 prosent av aksjane blir fordelte til kommunane etter folketal, medan 35 prosent blir fordelte likt mellom kommunane.
Aksjane blir overførte som såkalla B-aksjar. Det sikrar kommunane utbyte, men A-aksjane – som tilsvarer 20 prosent av eigarposten og blir med over i Vestland fylkeskommune – vil ha fleirtal i generalforsamlinga i holdingselskapet.
Slik vil fylket fordele aksjane:
· Nye Sunnfjord - 15,0 %
· Nye Kinn - 10,8 %
· Nye Sogndal - 9,0 %
· Nye Stad - 6,5 %
· Stryn - 4,6 %
· Gloppen - 3,9 %
· Årdal - 3,6 %
· Luster - 3,6 %
· Høyanger - 3,1 %
· Bremanger - 2,9 %
· Askvoll - 2,6 %
· Fjaler - 2,4 %
· Vik - 2,4 %
· Gulen - 2,2 %
· Lærdal - 2,1 %
· Aurland - 2,0 %
· Hyllestad - 1,8 %
· Solund - 1,5 %