Klokka 09.12 fekk politiet inn melding om steinras på fv. 5623 i Gudvangen i Aurland.

Raset har gått over vegen rett før Bakkatunnelen, omtrent 200 meter nord for ferjekaia.

Ein bil står fast i raset. Dei som var i bilen har kome seg ut.

Det er ikkje meldt om fleire bilar involvert.

Klokka 09.28 melde Vegtrafikksentralen vest at vegen mellom Nautgrovi og Bakkatunnelen er stengt, grunna raset.

Politiet fortel på Twitter at det har gått eit lite ras på sørsida av Bakkatunnelen, og eitt større ras på nordsida av tunnelen. Bilen som står i raset er på nordsida av tunnelen. Det er Ikkje meldt om skadde personer etter raset.