Gå til sidens hovedinnhold

Ein av tre strauk på teoriprøva i juni

Artikkelen er over 1 år gammel

Høg strykprosent bidreg til ekstra lang kø på trafikkstasjonane.

(Firda)

Det melder Statens vegvesen.

Totalt i år er strykprosenten 39 prosent, for juni er den 37 prosent.

Ifølge Vegvesenet er det veldig mange som tar teorien som ikkje har førebudd seg godt nok og som må prøve fleire gongar før dei består. Viss du stryk på teoriprøva, må du vente to veker før du kan ta den på nytt.

– Hadde fleire bestått på første forsøk, hadde vi ikkje hatt kø for å ta teorien. Våre tilsette jobbar både kveldstid og helg for å møte etterspørselen etter at vi heldt stengt tidlegare i år på grunn av koronaen. Då er det utruleg synd at så mange kandidatar møter uførebudde, seier fungerande avdelingsdirektør Jan Erik Myhr i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Ber folk øve

No går Vegvesenet ut og anbefaler å starte øvingskøyringa tidleg og å lese seg opp på trafikkreglane før du tar teoriprøva.

– Det held ikkje å berre ta nokre testar på nett og tru at det er nok for å klare teorien. Dei som har øvingskøyrt og vore ute i trafikken har betre føresetnadar for å bestå, seier Myhr.

Mange møtte ikkje opp

I juni blei det gjennomført 23.205 prøver i Norge. Det er rekord. 1525 personar møtte ikkje opp til timen dei hadde bestilt.

– Det er frustrerande at så mange ikkje møter opp. Dette er plassar som kunne vore brukte av nokon av dei som ventar i kø, seier Myhr i pressemeldinga.

Les også

Harald (16) lærekøyrde veteranbilen sin i paraden på Skjærgårdstreffet: – Eg har gleda meg til å kunne køyre bil i fleire år

Les også

All oppkøyring for tungbil blir flytta til Førde

Les også

Dei skulle berre lærekøyre litt …

Kommentarer til denne saken