Ein av dei koronasmitta jobbar ved Florø omsorgssenter

PÅVIST SMITTA: Ein tilsett ved Flora omsorgssenter har fått påvist koronasmitte tysdag.

PÅVIST SMITTA: Ein tilsett ved Flora omsorgssenter har fått påvist koronasmitte tysdag. Foto:

FLORØ: - Vi har fått varsla alle pårørande, og folk er takknemlege for openheita, seier sjukeheimsoverlege Ronny Cassells.

DEL

Sjukeheimsoverlege i Kinn kommune, Ronny Cassells, stadfestar at samtlege pårørande til bebuarar ved Florø omsorgssenter no er varsla om at ein helsearbeidar ved senteret har fått påvist koronasmitte.

  • Trykk F5 for siste versjon av artikkelen

Cassells, som har det medisinskfaglege ansvaret for Flora omsorgssenter, Furuhaugane omsorgssenter og Kulatoppen i Måløy fortel at det for lengst er innført strenge rutinar ved sentera, og at dei har vore førebudde på situasjonen som no har oppstått.

- Vi er to-tre legar primært på kvar sjukeheim. Vi har testa fire bebuarar så langt, og heldigvis har ingen testa positivt enno, fortel han til Firdaposten.

Stengde ned

Dei tre omsorgssentera er allereie stengde for utanforståande.

- Det vi no gjer på Florø omsorgssenter er å køyre eit strengt skilje mellom avdelingane. Ingen tilsette skal jobbe på tvers av huset. Hygienerutinane er allereie gode og fokuset er å halde fram slik som no, seier han.

Men på visse felt blir det endringar. Det er i snitt to-tre legar knytt til kvart omsorgssenter og no skal visittar hjå bebuarane gjennomførast med video så langt det let seg gjere.

- Risikerer de no at mange av dei tilsette må i karantene?

- Nei. Målsetjinga er og vil vere å beskytte den sårbare gruppa som sjukeheimbebuarar faktisk er. Vi har svært låg terskel for å halde tilsette heime, seier Cassells.

Skal gjere alt dei kan

Tenesteleiar på Flora Omssorgssenter, Elisabeth Normann Leversund seier gjennom Cassells at rutinane dei no driv etter, er gode.

- Vi skal halde hovudet kaldet framover og gjere alt vi kan for bebuarane, slår ho fast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken