I Firdapostens artikkelserie om sjikane på sosiale media, har søkelyset vore på korleis prosessen med kommunesamanslåing har medført at mange av lokalpolitikarane har måtta tole harde personkarakteristikkar og skuldingar på nettet.

Sterke skuldingar

I samband med at Firdaposten skreiv om tekstmeldinga høgrepolitikar Morten Hagen i Vågsøy fekk frå Jostein Emhjellen like etter folkeavstemminga om Kinn, posta Eimhjellen artikkelen på Facebook-sida «Nei til Kinn» 9. februar og skreiv mellom anna at

«eg åtvara Morten Hagen om korrupte forhold, som vi no i etterkant har sett var grunnlag for. Viser til at Fylkesmannen stoppa ulovleg lån, og mykje mykje meir. Viser og til at økokrim var kontakta på eit tidleg stadium frå innbyggjarar i Vågsøy og at dette og var omtala i kommunestyre i Vågsøy. Eg vil gjerne ha granska heile saka, og stiller gjerne i politi avhør. Meiner fleire parter i forhold til noen moment i Kinn saka har bevegd seg mot straffbare forhold i hennald til korrupsjonslovgjevnad.»

Firdaposten stilte leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, nokre spørsmål om framgangsmåten til Eimhjellen, og om nettsjikane generelt.

– Jostein Eimhjellen publiserer fullt namn, telefonnummer og anklager om korrupsjon. Er dette straffbart?

– No er eg ikkje jurist. Men grensa for ytringsfridom ligg veldig høgt, spesielt i høve personar som har ein posisjon innan politikk eller yrkesmessig. Men alle har eit ansvar for korleis dei ordlegg seg, og om ein ikkje har belegg for det er det svært grovt og sjikanerande å komme med slike påstandar. Har ein mistanke om slikt, må ein gå til politiet med det og ikkje henge ut folk på sosiale media – det synest eg er veldig grovt og unødvendig. Men grensa for straff blir vurdert i kvar enkelt sak.

Vi har meldingar om folk som vegrar seg frå å delta både i politikk og på sosiale media på grunn av høg temperatur og at folk blir fråtekne all ære. Det er ikkje bra i det heile.

Anmelde, ikkje anklage

– Eimhjellen skriv at han ønskjer å bli kalla inn til avhøyr, og at de skal gå igjennom korrupsjonsanklagene hans. Er det aktuelt for dykk?

– Det er ikkje aktuelt å starte etterforsking ut frå at det er posta ei slik ytring på Facebook. Så om han meiner at det er noko som bør anmeldast, må han oppsøke politiet og gjere det på vanleg måte. Gjer han ikkje det, bør han ikkje anklage folk for verken det eine eller andre.

– Er dette ein type saker som Politiets Nettpatrulje Vest jobbar med?

– Det er ikkje akkurat dette som er deira kjerneområde, men ein følger med på det som blir definert som netthets, og vi som politi er opptekne av det. Det ligg føre ein dom frå Sogn og Fjordane tingrett frå like før årsskiftet, der Clara Øberg, mellom anna tidlegare styreleiar i Helse Førde, melde ein person for å ha sjikanert og truga henne over lang tid, også på sosiale media, seier Johannessen.

– Dette tenker eg er ein interessant og viktig dom i høve kva folk i viktige verv og posisjonar skal finne seg i. Så både lokalpolitiet og nettpatruljen følger absolutt med. Vi har meldingar om folk som vegrar seg frå å delta både i politikk og på sosiale media på grunn av høg temperatur og at folk blir fråtekne all ære. Det er ikkje bra i det heile. Eg meiner at viss folk opplever at det går for langt, at dei blir fråtekne all ære og hengde ut med namn og urettmessige påstandar, er det fullt mogleg å anmelde det.