Det er Ingvar Torsvik Myrvollen som tek kontakt med Firdaposten for å fortelje om planane om å stable på beina eit rusfritt tilbod for ungdommen i Eikefjord. Han er leiar for foreldrearbeidsutvalet ved Eikefjord skule dette skuleåret, og no skal dei arrangere eit storforeldremøte retta mot ungdomstrinnet og andre interesserte.
– Eikefjord er jo kjend som ein dugnadsbygd. Vi har tenkt eit samarbeid med ungdomslaget, grendelaget, skulen og idrettslaget med fleire, mellom anna for å bidra til rusfrie treffstader for ungdom. Vi treng tilbod også for dei ungdommane som ikkje driv med idrett her i bygda.
Myrvollen seier at tilbodet må vere på ungdommens premissar, men med tilrettelegging frå foreldre og føresette.
– Eit døme kan vere fredagsklubb i ungdomslokalet som ligg bak idrettshallen på skulen.
Stormøtet skal vere måndag 8. april, med start klokka 18.00. Myrvollen oppmodar alle interesserte til å kome på møtet, og ber om hjelp til å spreie meldinga for å få til eit godt oppmøte.