Dobbelt Sørbø på mila

Øyvind og Inger-Johanne Sørbø

Øyvind og Inger-Johanne Sørbø Foto:

Helge Hafsås innkasserte maraton-sigeren, men familien Sørbø, representert ved Øyvind og Inger-Johanne vann milløpet under Eikefjord Maraton.

DEL

Arrangøren hadde ambisjonar om å deltakarrekord med over 100 løparar. Det lukkast ikkje, men det blei i alle høve sett to løyperekordar. Øyvind Sørbø, Eikefjord på 10 km og Mads Knutsen frå Florø på 5 km.

– Løpet ligg «inneklemt» mellom andre større løp i september. Dessutan trur eg at fleire er opptatt med jakt på denne tida. Det kan vere forklaringa. Men det var perfekte tilhøve for løp denne dagen, fortel Jan Grov i arrangørklubben Eikefjord I.L.

Maraton- heil og halv

På maratondistansen stilte seks menn – ein meir enn i fjor. To løparar kom inn på under tre timar. Maratonkongen Helge Hafsås frå Olden IL vann med tida 2.57,44. siger nummer 179! På andreplass kom Tore Klanderud, Varegg Fleridrett med tida 2.59,34, medan Pål Rørvik, Sogndal IL kapra tredjeplassen med 3.21,49.

Gisle Skjølberg

Gisle Skjølberg Foto:

I herreklassen i halvmaraton tok Gisle Skjølberg, Bremanger ein klar siger. Han fekk tida 1.23,34, som var 42 sekund frå eigen løyperekord. Halvmaraton kvinner blei vunne av Karen Nilsen frå Florø med tida 1.51,45. Nummer to blei Karolina Anna Zukrowska, Førde på 1.57,06 og på tredje kom Jeanette Kjellevold Aase, Kondis Florø med 2.08,21.

10 km

I herreklassen knuste Øyvind Sørbø, Eikefjord IL løyperekorden med to minutt. På andreplass kom Bendik Grimsbø, Førde IL med fine 36,09, mens ultraløpar Lars Bjørbæk, Florø T og IF tok tredjeplassen med 39,33. I dameklassen vann Inger Johanne Sørbø, Eikefjord IL med tida 49,00, etterfølgt av Eva Robert, Florø (53,05) og Ingvild Nes, Sogndal (56,54).

5 km

Mads Knutsen, Florø sette ny løyperekord i herreklassen med tida 17,42. På andre kom Frode Langedal Aune, Flora CK med 21,30, mens Stig Savland, Tambarskjelvar IL kom på tredjeplass med tida 21,48.

I dameklassen var Norunn Stavø, Florø T og IF (K60-65) best med tida 21,19, Anette Hollevik, Flora CK tok andreplassen med 22,11 og Rikke Due, Eikefjord IL tok den siste pallplassen med tida 25,32.

Siste løp i oktober

Det neste, og siste løpet i årets utgåve i INC Eikefjord Løpskarusell blir arrangert på Storebru laurdag 21. oktober. Då står distansane 10 km, 5 km og 2 km barneløp på løpsprogrammet. På dette siste løpet blir karusellpremie for 2017 delt ut.

Artikkeltags