Skal springe maraton nr. 552

Inge Asbjørn Haugen.

Inge Asbjørn Haugen. Foto:

– Eg er heldig som har god helse og kan halde på med dette, seier maratonmannen Inge Asbjørn Haugen.

DEL

EIKEFJORD MARATONHan kjem for å delta i Eikefjord Maraton på Storebru laurdag 9. september. Løpet blir arrangert for andre år på rad. 

– Eg må vere so audmjuk å seie at i min alder er eg glad for å ha god helse og tek eit løp i gongen, seier 64-åringen, som spring for Hornindal.

Heilt beint fram har det ikkje vore- sidan han har hatt ein blodpropp og eit dårleg kne for ei tid tilbake.

Så langt i år har han delteke i 17 maratonløp.

– Og du er i full jobb?

– Ja, løpa går føre seg helst i helgane og faktisk har eg 19 feriedagar til gode i 2017. Eg er i full jobb ved skattekontoret på Eid og når ein kjem opp i min alder så får ein nokre ekstra ferieveker, forklarer Haugen, som håpar på at han til helga får fleire enn fire andre konkurrentar, som fullførte full maraton på Storebru i fjor. Men målsettinga hans er ikkje å bryte mållinja først, men å komme under fire timar i tid.

Vona om fleire deltakarar deler han med Jan Grov i arrangørklubben Eikefjord IL.

– Vi har hatt ein fin auke i deltakarar sidan vi starta opp med løpskarusell i september i fjor. Denne gongen arrangerer vi alle distansar frå 2 km barneløp og opp til maraton. Vi håpar på ny deltakarrekord, og kanskje når vi 100 deltakarar for første gong?

Eikefjord maraton er det fjerde av fem løp i årets utgåve av INC Eikefjord Løpskarusell. Deltaking i minst tre av fem løp gir karusellpremie for 2017.

INC Eikefjord Løpskarusell

INC Eikefjord Løpskarusell Foto:

Elles så etterlyser Grov maratonløparar frå spinnesida:

– Så langt har vi ikkje registrert løyperekord på maratondistansen i kvinneklassen, sidan ingen damer har prøvd seg på denne distansen enno. Vi håpar derfor spesielt at nokon damer tek utfordringa og prøver seg på 42,2 km i den relativt flate løypa. For dei som er komfortable med kortare distansar, så er det gode moglegheiter, sidan også 5 km, 10 km og halvmaraton (i tillegg til barneløpet) står på løpsprogrammet denne dagen.

Arrangøren garantere løyperekord i damenes maraton - dersom nokon stiller. Ingen dårleg garanti det- så damer- det er berre å melde seg på. 

Meir informasjon finst på www.eikefjord-lopskarusell.no og på Facebook-sida.

Artikkeltags