Eikefjordingane vil lage rusfrie treffstader for ungdommen

Ingvar Torsvik Myrvollen i FAU for Eikefjord skule og Ann Helen Osa, leiar i Eikefjord Ungdomslag, vil lage nye tilbod for ungdommen i Eikefjord.

Ingvar Torsvik Myrvollen i FAU for Eikefjord skule og Ann Helen Osa, leiar i Eikefjord Ungdomslag, vil lage nye tilbod for ungdommen i Eikefjord. Foto:

EIKEFJORD: FAU ved Eikefjord skule byr inn til storforeldremøte retta mot ungdomstrinnet med sikte på eit bredt samarbeid i bygda for bygge opp rusfrie treffstader for ungdommen.

DEL

Det er Ingvar Torsvik Myrvollen som tek kontakt med Firdaposten for å fortelje om planane om å stable på beina eit rusfritt tilbod for ungdommen i Eikefjord. Han er leiar for foreldrearbeidsutvalet ved Eikefjord skule dette skuleåret, og no skal dei arrangere eit storforeldremøte retta mot ungdomstrinnet og andre interesserte.

– Eikefjord er jo kjend som ein dugnadsbygd. Vi har tenkt eit samarbeid med ungdomslaget, grendelaget, skulen og idrettslaget med fleire, mellom anna for å bidra til rusfrie treffstader for ungdom. Vi treng tilbod også for dei ungdommane som ikkje driv med idrett her i bygda.

Myrvollen seier at tilbodet må vere på ungdommens premissar, men med tilrettelegging frå foreldre og føresette.

– Eit døme kan vere fredagsklubb i ungdomslokalet som ligg bak idrettshallen på skulen.

Stormøtet skal vere måndag 8. april, med start klokka 18.00. Myrvollen oppmodar alle interesserte til å kome på møtet, og ber om hjelp til å spreie meldinga for å få til eit godt oppmøte.

Artikkeltags