Natt til laurdag 31. oktober hadde Florarussen 2016 kick-off-fest på Allhuset i Eikefjord der det heile enda med at fire personar blei sendt til sjukehuset i Førde etter røykskadar etter røykutvikling i allhuset.

Alarmen gjekk klokka 02.44 og brannvesenet, politi, tre ambulansar og kommunelege rykka ut til staden. Evakueringa av om lag dei 150 festdeltakarane skal ifølge dørvakter på staden ha vore noko kaotisk og fleire av ungdommane fekk oksygenhjelp av helsepersonell.

Helse Førde melde og at fire personar låg til observasjon over natta.

Dømt til bot

Den ansvarlege for røykutviklinga, ein mann i 20-åra, er no dømt til å betale ei bot på 8.000 kroner.

Han skal ha sett fyr på bordtennisballar med aluminiumsfolie rundt under kickoff arrangementet og har godteke bota.