– Vi kjem til å følge opp elevane som har behov for nokon å snakke med

Rektor: Heidi Humlestøl Aasen.

Rektor: Heidi Humlestøl Aasen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

EIKEFJORD: Eikefjord skule har sett i gang tiltak etter brannen onsdag.

DEL

Brannen i Eikefjord har gått sterkt innpå alle i bygda, og også dei minste. Det fortel rektor ved Eikefjord skule, Heidi Humlestøl Aasen. Elevar ved hennar skule er råka av brannen.

– Elevane generelt lurer veldig mykje på alt som har med brannen å gjere, og vi vaksne svarar så godt det let seg gjere. Men så er vi opptekne av å returnere til ein mest mogleg normal kvardag att, seier ho.

Då brannen starta i totida onsdag, var det berre SFO-elevane som var att på skulen. Resten var gått heim for dagen.

– Vi vaksne var tilgjengelege for dei som hadde spørsmål om kva som skjedde. Her var barn som trong ekstra oppfølging, som vi sette oss lett tilgjengelege for. Eg kan ikkje få rost dei tilsette ved skulen nok for det gode samspelet vi hadde, og for den roa og godheita dei viste alle barna som var her, strekar Aasen under.

I dag torsdag starta skuledagen med eit allmøte for elevane som var til stades på skulen.

– Vi informerte alle elevane om kva som hadde skjedd, og at vi stilte oss tilgjengeleg for alle som ville snakke. Helsesøster er også her i dag, som støttespelar. Ho følger opp elevane som måtte ha behov for det.

Artikkeltags