Siste seriekamp i J13/14. Eikefjord og Tambarskjelve stiller opp på eit felles lagbilde før kampen
Arne Hjorth Johansen

Regnet over Eikefjord Stadion

Publisert

Regnet fall jamt og trutt over eit Eikefjord stadion i flaumlys fredag kveld. Ein av desse dagane som det trass alt er flest av i norsk fotball. Breiddefotball. Aldersbestemt fotball. Haust. Ein liten men hard kjerne på tribunen. Kaffi og vaflar i bua. Og regn. Alltid dette regnet. Det kunne vore freistande å skrive at det var himmelens tårer som falt over stadion denne kvelden, til ære for Per Egil Knutsen, som vart gravlagt denne dagen. Om det ikkje var for det hadde han kanskje vore der. Med eit pappkrus med kaffi i handa, eit smil og eit glimt i auget, slik han so ofte var. Men det var ikkje tårer som falt. Berre det vanlege regnet. I staden vart dropane som fall eit symbol på korleis livet går vidare. Alltid. Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr. Regnet over Eikefjord stadion og den norske breiddefotballen. Knutsen vart heidra med eitt minutts stille før kampen, og så snurra både ballen og jordkloden vidare.

Eitt minutts stille før kampen for å minnast Per Egil Knutsen.

Eitt minutts stille før kampen for å minnast Per Egil Knutsen. Foto:

Hessa Cup

Denne historia startar eigentleg tilbake i august. Hans Endestad ringde meg for å fortelje at laget han var trenar for. Eikefjord J 13/14, skulle spele finale i Hessa cup i Ålesund. Han fortalde om eit lag som hadde bøtta inn mål og låg an til å vinne serien. Jau då, dei hadde eit par stjernespelarar som spelte på både jentelaget og gutelaget, og hadde vunne Norway Cup tidlegare på sommaren. Men Endestad snakka mest om laget. Om korleis jentene verkeleg sto på og jobba for kvarandre. Eg sa at det kanskje kunne vore kjekt om eg tok turen på ein av seriekampane og skreiv litt om det også, ikkje berre Hessa Cup. Sidan har Endestad ringt meg for å minne meg på dette fleire gonger, men anten har det vore bortekampar, eller eg har vore opptatt på anna hald. Denne fredagen var det siste seriekamp, og siste sjanse. Eg hadde ikkje helgevakt. Eg hadde eigentleg tenkt meg på Samfunnshuset og sjå Sogn og Fjordane Teater spele «Invasjon!", men eg hadde jo sagt A. Eg valde draumanes teater i Eikefjord for å sjå dette superlaget til Hans Endestad med eigne auge.

Nabo-oppgjer

På andre sida av bana sto Tambarskjelvar. Naustdøler. Nabo-oppgjer. Før kampen skulle det gjerast litt stas på seriemeistrane. Tambarskjelvar stilte seg opp i æresvakt og klappa i hendene medan Eikefjordjentene løp ut på bana. Så var det klart for kamp. Ein kamp som var heilt utan betydning. Likevel var innsideinformasjonen eg fekk frå sidelinja at Eikefjord-spelarane var litt nervøse. Slik så dei også ut i starten av kampen. Det var gultrøyene frå Naustdal som tok tak i kampen. Eikefjord sleit med å komme opp i motstandarane, og tapte fleire duellar enn dei vann. Når Eikefjord gjekk opp til 1–0 var det mot spelets gong, men Tambarskjelvar slo tilbake med to scoringar og snudde kampen. Då tok Endestad på sidelinja grep. Andrine Olsen Endestad vart flytta opp på topp, og resepten var lange ballar i bakrommet som ho kunne jage på. Det viste seg å vere eit vellykka grep. Forsvararane til Tambarskjelvar klarte ikkje å handtere ho, og gong på gong gjekk dei i fella og vart straffa. Når dommaren blåste av for pause var stillinga 5–2 til heimelaget.

142 scoringar

Eikefjord har spela 18 seriekampar i år. Dei har vunne 15 av dei. Tre gonger har dei tapt. Dei har scora 142 gonger. Sleppt inn 59. Det vil seie at ein gjennomsnittleg kamp med desse jentene ender 8–3. Tambarskjelvar ligg midt på tabellen, tolv poeng bak seriemeistrane. Men dei er ikkje noko dårleg lag. Spelemessig er dei fullt på høgde denne kvelden. Når dommaren bles i gong andre omgang går dei rett i strupen på heimelaget. Dei er aggressive, og trykker Eikefjordingane bakover på banen. Det er siste seriekampen for i år. Det verkar som om jentene frå Naustdal har brukt pausen på å bestemme seg for at alt dei har av krefter og løpskraft skal vere brukt opp når sesongen er over. Dei har ein lang vinter å hente seg inn att på. Og det verkar. Eikefjord er skaka og verkar slitne. Det blir 5–3. Det blir 5–4. Det blir 5-5, og jammen blir det 5–6 også. Dei har snudd kampen, og dei fortsett å trykke på. Kan det halde heilt inn?

Eikefjords seven-eleven

Men dei oransje har noko gultrøyene frå Naustdal ikkje har. Eikefjords seven-eleven. Spelar nummer sju, Andrine Olsen Endestad, og spelar nummer elleve, Kristin Torsvik Myrvollen. Dei har x-faktoren, og denne kvelden er det dei to som utgjer skilnaden på laga. Med eitt mål under, og ti minutt igjen reindyrkar igjen Eikefjord det som gav dei fem scoringar i første omgang. Endestad dyttast igjen heilt opp på topp, og når Tambarskjelvar fortset å presse på blir det store rom å springe i for den hurtige og teknisk gode Eikefjord-jenta. Sjansane er nøydd til å komme, og det gjer dei. På den første går skotet til side for mål. Den andre går innanfor stengene. 6–6 og framleis tid igjen. Det same skjer igjen. Ein lang ball sender ho åleine mot keeperen til Tambarskjelvar. Ho er fint ute og møter, og pressar Endestad ut på høgresida. Då tar keeperen det fatale valet. I staden for å falle av og skjerme målet, fortset ho å jage etter ballen. Det skulle ho ikkje ha gjort. Endestad fintar ho til side, og får ein lett jobb med å sette ballen i det opne målet. Eikefjord er tilbake i leiinga.

Stolpeskot

Tambarskjelvar pressar på for utlikning igjen, og dei har ein ball i stonga som hadde fortent ein betre skjebne. I staden er det Eikefjord som kontrar inn det siste målet for kvelden. 8–6 vinn dei til slutt. Andrine Olsen Endestad scora fem av dei. Kristin Torsvik Myrvollen tok seg av dei siste tre. Saman med keeper Miriam Eikefjord spelar dei tre jentene også på smågutelaget til Eikefjord som skal spele om kretsmeistertittelen kommande veke. Veka etterpå er det jentenes tur. Dei kan altså bli doble kretsmeistrar på litt over ei veke. Firdaposten skal sjølvsagt følge med på korleis det går.

Fotball

Når dommaren bles av kampen pakkar eg kameraet ned i veska, og tørkar vatn av brillene. Eg tenker på kva eg skal skrive når eg kjem heim. Mest tenker eg på fotball. Kveldens kamp sender tankane mot Alex Ferguson og hans siste kamp som manager for Manchester United. 5–5 mot West Bromwich på The Hawthorns.Kva er det med denne lêrkula som set slike spor i oss? Eg var aldri mykje til fotballspelar. Likevel sit situasjonar frå fotballbana som brent fast i minnet. Eg hugsar finter, scoringar og redningar, medan andre ting som burde vere viktigare er nesten gløymd. Det tenker eg på. Eg tenker på at kveldens kamp var siste seriekamp for akkurat denne gode Eikefjord-gjengen. Dei er for få jenter i Eikefjord til å spele ellever-fotball, som dei må no når dei blir eitt år eldre. Nokon kjem sikkert til å legge fotballen på hylla. Myrvollen og Endestad spelar sannsynlegvis i Florø-drakta neste år. Dette er eit vegskilje for desse jentene. Medan Tambarskjelvars trenar deler ut blomster til trenar Hans Endestad, og jentene feirar sigeren med høge hurrarop tenker eg på at desse jentene har heile livet framfor seg. Eg tenker på alt dei skal oppleve. Alle gleder. Alt slit og alle sorger dei skal gjennom. Eg tenker at denne kvelden kjem dei alltid til å ha med seg. Uansett kva som elles skjer. Den kjem dei aldri til å gløyme.

Som Ferguson sa etter å ha slått Bayern München i Champions League-finalen i 1999. Football eh, Bloody hell. Medan eg går mot bilen kjenner eg ein klump i halsen og ein liten tåre i augnekroken. Takk Gud for regnet over Eikefjord Stadion.

Foto:

Artikkeltags