Gå til sidens hovedinnhold

– Dette er sjølve krona på verket

Artikkelen er over 3 år gammel

Det var ein mildt sagt oppglødd grendalagsleiar i Eikefjord, Brigt Samdal som denne veka opplevde at alt bygdelagsarbeidet som har vore gjort sidan omlegginga av riksvegen no verkeleg betalte seg.

Måndag fekk vi vite at Brødrene Aa er tilbake på anlegget på Nesjane i Eikefjord etter 25 år. INC-Gruppen og Brødrene Aa vart samde om eit sal av anlegget og driftsselskapet Norwegian Marine.

– Anlegget i Eikefjord er for flott til at det berre skal jobbe mellom 5 og 10 menneske der, kom det frå dagleg leiar i Brødrene Aa Tor Øyvind Aa.

Les også

Brødrene Aa kjøper Norwegian Marine

 

Bakgrunnen for at Brødrene Aa no er tilbake i Eikefjord er at dei har store ordrereservar, asiatisk tungkapital og marknadstilgang i ryggen. Dei ser eit behov for kapasitet, spesielt på vedlikehald. Aa var og klar på at dei ser føre seg å bygge strukturar i karbonfiber i Eikefjord framover.

Ordførar i Flora kommune, Ola Teigen kalla Brødrene Aa sitt comeback i kommunen tidenes julegåve for eikefjordsamfunnet. Han meinte dette var eit resultat av at lågkonjunkturen vi har sett ei tid er i ferd med å snu. Han peika også på at Eikefjord no er rigga for vekst med ny skule, barnehage og nyregulerte bustadfelt.

Les også

– Tidenes julegåve for eikefjordsamfunnet

 

Grendalagsleiar Brigt Samdal er ikkje uventa like oppglødd som ordføraren over at dei fekk storfisken på kroken no like før jul.

– No har eg sendt tre store kaker, nok til alle dei 140 tilsette på Brødrene Aa i Hyen. Dette er vår måte å seie velkommen tilbake i Eikefjord på, kjem det frå Samdal.

Han meiner dei umiddelbart ikkje vil skjøne kva ringverknader dette vil gi, men han er trygg på at dei vil bli store med tida.

– Brødrene Aa er i høgste grad framtidsretta. Dei har fått internasjonale prisar for design dei er innovative, nyskapande og miljøretta. Dette er ei bedrift som også tar vare på sine tilsette og har slik sett bygd eit fantastisk omdømme. Slike ting er ikkje tilfeldig. Det er veldig flott å kunne identifisere seg med ei slik bedrift og få nye spennande arbeidsplassar i bygda, seier Samdal og trur etableringa vil få fleire til å ville flytte til Eikefjord.

Han fortel grendalaget no skjem til å spele på lag med alle lokale utfordringar Brødrene Aa vil ha, spesielt i den prosessen dei no skal inn i. Men for grendalaget er etableringa løn for strevet.

– I mange år har vi jobba med utviklinga av Eikefjord som ordføraren vår her er inne på. Etter omlegginga av Riksvegen, har vi fått ny skule og fleirbrukshall, barnehage, gang- sykkel og turvegar og no lukkast vi med ei storetablering som blir krona på verket. Heilt strålande, kjem det frå Samdal. 

Kommentarer til denne saken