– Eikefjord skule sikrar ikkje skulemiljøet godt nok
Artikkelen er over 3 år gammel
Fylkesmannen har funne fleire avvik på korleis Eikefjord skule handterer krava i Opplæringslova om eit trygt og godt skulemiljø. Skulens valte tiltak i nesten alle sakene er samtalar. – Det går ikkje fram kva det skal samtalast om, eller korleis samtalar skal avhjelpe problemet. Krava i lovverket er ikkje oppfylt, påpeikar Fylkesmannen.