Eikefjord hadde besøk av andrelaget til indresogningane frå Årdal og Lærdal på laurdag. Det var lite tvil om kva veg denne kampen skulle vippe. Erling Austrem sette inn 1-0 på straffe etter 11. minutt, medan Bubacarr Kamaso auke leiinga fem minutt seinare. Rett før pause sikra Joakim Barlund eit komfortabelt pauseresultat med 3-1, etter at Benjamin Alme utlikna i det 45. minutt for gjestane.

Men eit minutt ut i andre sette Kamaso sitt andre og Eikefjord sitt fjerde for dagen og punkterte kampen. 20 minutt før slutt fekk bortelaget sin Andre Lægreid raudt kort. Punktum finale vart sett av Eikefjord sin Monday Solo i det 89. minutt.

Den spelande trenarduoen Øyvind Sørbø og Mats Hovland ser ut til å få ein kjempegod debutsesong.

No ventar bortekampar mot Sandane 2 og Kaupanger 2. Siste kamp går 3. oktober mot Breimsbygda/Jølster 2 på heimegraset.