Årets budsjett er lite lysteleg lesnad for Sogn og Fjordane, meiner Senterpartiet.
– Det er katastrofalt for mange kommunar at regjeringa vil avskaffe eigedomsskatt på verk og bruk. Det betyr eit inntektstap på 800 millionar kroner over fem år på landsbasis. For kommunar som Bremanger, Lærdal, Høyanger, Luster og Årdal vil det gje enorme utfordringar, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).
For Bremanger vil det mellom anna bety lågare inntekter frå kraftindustrien og Elkem. Men kor mykje det er snakk om er førebels uklart.
– Bremanger vil komme til å merke det. Forslaget frå regjeringa er ein veldig stor inngriping i økonomien til mange kommunar, dette blir ei stor overføring av inntekter frå kommunane og over til staten, seier Navarsete til Firdaposten.
Misser millionar i inntekt
– Ein kan ikkje berre ta frå kommunane fleire titals millionar kroner i inntekter med eit pennestrøk, legg ho til.
I tillegg til endring i eigedomsskatten vert den såkalla grunnrenteskattesatsen på vasskraftanlegg auka med 1,4 prosent, til 35,7.
– Det betyr at kraftkommunane får mindre inntekter der også. Så desse to endringane i statsbudsjettet kan få ganske alvorlege konsekvensar for Bremanger, meiner ho.
– Dårlegare tenester
Senterpartipolitikaren påpeikar at inntektstapet for kommunane i neste omgang vil føre til dårlegare kommunale tenester.
– Dette vil gje dårlegare tenester til folk. Når kommunane i tillegg får vekst i frie inntekter på berre 2,3 prosent, og regjeringa svekker ordninga med toppfinansiering av til kommunar med ressurskrevjande brukarar, så vert det ein krevjande budsjetthaust, seier Navarsete.
– Regjeringa peikar på gode resultat i kommunane i 2016, dei seier ikkje noko om at dette er eingongsinntekter som skuldast endringar i aksjelova, og som difor er borte i 2018, legg ho til.
– Det vil få konsekvensar for oss
Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys (H), ser at framlegget som gjeld eigedomsskatt på verk og bruk vil få konsekvensar for inntektene til kommunen.
– Vi vil få lågare inntekter med dette forslaget. Men kor store konsekvensar det får er det umogleg å seie per i dag. Kva produksjonsutstyr som vil unngå eigedomsskatt blir eit definisjonsspørsmål, og det må taksering og utrekningar til, seier Røys til Firdaposten.
Elles er Røys nøgd med regjeringa sitt budsjettframlegg.
– Eg synst det er eit godt budsjett, som legg til rette for verdiskaping og utvikling. Rett nok får ikkje Bremanger kommune så stor auke i inntektene, men vi drifta vår går jo godt, påpeikar han.
– Det er eit budsjett omtrent som forventa. Det vil skape vekst i næringslivet og fleire arbeidsplassar, og det vert satsa på veg – noko som er viktig for oss i distrikta, seier Røys.
– Vil trygge arbeidsplassar
– Å fjerne eigedomsskatten på maskiner og tilbehøyr vil gje store letter for industrien og vil medverke til å trygge arbeidsplassar, seier finansminister Siv Jensen (Frp) i ei pressemelding.
Forslaget følger opp punktet i Sundvolden-erklæringa om å fjerne eigedomsskatten på maskiner.
Endringa inneber at produksjonsutstyr og -installasjonar ikkje lenger skal reknast med i grunnlaget for å berekne eigedomsskatt. Kategorien verk og bruk vert fjerna. Føremålet er å gjere utskriving av eigedomsskatt meir pårekneleg og at skattlegging av verk og bruk vert meir lik skattlegging av andre næringseigedommar.
Framlegget inneber reduserte inntekter for kommunane, men betre vilkår for bedrifter og arbeidsplassar, som også er viktig for kommunane, påpeikar Jensen.
Endringane skal ikkje gjelde for vasskraftanlegg, vindkraftanlegg og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Så kommunane vil framleis få inntekter frå desse anlegga.
Overgangsordning
For å lette overgangen for kommunane foreslår regjeringa ei overgangsordning på fem år. Regjeringa foreslår at dei nye reglane får verknad frå og med 2019, med ei overgangsordning til og med 2023.
– Meir påreknelege og stabile rammevilkår er viktige føresetnader for at både bedrifter og innbyggarane skal kunne planlegge økonomien sin, seier finansminister Siv Jensen.
For å skjerme innbyggarane mot raske aukar i eigedomsskatten, foreslår regjeringa å halvere grensa for maksimal sats på eigedomsskatt frå 2 til 1 promille for det året skatten vert innført. Tilsvarande skal satsen heretter berre kunne aukast med inntil 1 promille i året, ikkje 2.