– Ein veldig spennande jobb i fylket vårt, eg gler meg

Frank Robert Klakegg er ny sjef for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Frank Robert Klakegg er ny sjef for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Frank Robert Klakegg er tilsett som sjef for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

DEL

Frank Robert Klakegg (39) frå Florø er tilsett som leiar for Sparebanken Sogn og Fjordane sine eigedomsmeklarar i fylket.

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande meklaren i fylket og er eit dotterselskap til Sparebanken Sogn og Fjordane. Frank Robert Klakegg tar over som leiar den 1. mai.

– Svært spennande

- Dette er ein svært spennande jobb i Sogn og Fjordane innan eigedom med mange kompetente tilsette, og eg gler meg til å begynne, seier Klakegg.

Meklarselskapet har kontor i Florø, Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Stryn, og har 20 tilsette.

- Eg ser fram til å bli kjend med dei nye kollegaene mine. Det første eg vil gjere er å reise rundt på kontora for å treffe dei. Eg ønskjer å bli kjent med arbeidsmetodikken deira og marknaden dei jobbar i, seier Klakegg.

Klakegg kjem frå jobben som administrerande direktør i Forum Gruppen AS, eit konsern med virke innan handel og eigendom, Han var dagleg leiar i Hellvik Hus fram til 2014, som han sjølv var eigar i. 

- Kvifor gjer du dette jobbskiftet no?

- Eg har nyleg seld meg ut av Autoforum, Forum eigedom og fleire selskap, så eg var klar for noko nytt. Så eg viste interesse for denne stillinga, og fekk jobben, fortel Klakegg til Firdaposten.

Lang fartstid

– Det er ein veldig spennande jobb i fylket vårt, i ein bank eg er glad i, og eigedom er eit felt eg har lang fartstid i. Dette blir veldig, veldig kjekt, seier han.

Han får kontorstad i Førde, men kjem også til å vere rundt på dei ulike filialane.

- Er det noko du umiddelbart vil ta tak i i den nye jobben?

- Det første eg tenker å gjere er rett og slett å bli kjend med dei tilsette, og korleis dei jobbar. Det er førsteprioritet.

Eigedomsmarknaden i fylket ser han på som stabilt og godt.

– Ein har jo svingingar i forhold til sesong, men ser ein året under eitt så har marknaden i Sogn og Fjordane vore stabil og god i mange år. Ein har ikkje dei store svingingane, med høge og låge prisar, slik som i dei større byane, oppsummerer Klagegg.

Nøgd med tilsettinga

Styreleiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane og HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eirik Rostad Ness, er godt nøgd med tilsettinga av Klakegg.

Eirik Rostad Ness

Eirik Rostad Ness Foto:

- Klakegg er ein offensiv, innovativ og forretningsorientert leiar med stor gjennomføringsevne. I tillegg er han god med folk. Vi er derfor trygg på  at han er rette mannen for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, seier Ness.   

Artikkeltags