Dette søkte vi mest på i 2019

Sofa, småbruk og Rolex er tre av dei mest ettersøkte tinga på Finn.no i 2019.

Sofa, småbruk og Rolex er tre av dei mest ettersøkte tinga på Finn.no i 2019.

Årets FINN-lister viser at nordmenn elskar oppussing og elbilar, at Oslo framleis er på bustadtoppen, og at sofa, småbruk og Rolex er populært som aldri før.

DEL

– Det er ikkje overraskande at søkeord som sofa, hagemøblar, sykkel og småbruk framleis toppar lista over mest brukte søkeord på FINN – for fjerde år på rad, seier Kristine Eia Kirkholm, kommunikasjonssjef i FINN:

– Vi nordmenn er veldig glade i å pusse opp og fornye heimane våre – og der kjem sofa og hagemøblar inn i bildet. Småbruk på si side representerer drøymeren i oss. Andre ting, som snøfresar, som vi ser at også har vore veldig populært på FINN i år, er litt meir sesongbetont. Søkene gjort i 2019 spenner veldig breidt, og det er mange morosame, fine og rare ting det vert søkt etter.

FINN har laga ei oversikt over kva vi har søkt mest på i året som har gått.

Mens sofa, sykkel, hagemøblar, Rolex og småbruk framleis tronar på toppen av lista over dei mest brukte søkeorda på heile FINN, har elbil komme inn på topplista på FINN bil, mopedbil komme inn på FINN MC og oppussingsobjekt på FINN eigedom, som populære søkeord.


Småbruk og Oslo framleis mest populært

I 2016 førte eigedomsmangel og høge prisar til at Oslo falt på søkelistene og hamna på ein sjetteplass på søkeordstoppen på FINN eigedom, mens i 2017 og 2018 var Oslo tilbake på andreplass på topplista – berre slått av småbruk. Også i 2019 hamnar Oslo på andreplass, og er ein stad mange søker etter og drøymer om å finne seg ein bustad. Fornebu har også rykka opp éin plass frå i fjor – til ein tredjeplass på lista.

Elles er oppussingsobjekt eit populært nytt søkeord på FINN eigedom, og hamnar på sjuandeplass på topp 10-listen.

– Det er morosamt at oppussingsobjekt har komme inn på søkeordstoppen på FINN eigedom. Det stadfestar jo trenden vi ser om at nordmenn elskar å fornye og pusse opp. Mange ser nok også på det som ein moglegheit til å kanskje skaffe seg ein flott bustad til ein litt rimelegare pris, og så kan ein pusse opp etter kvart, seier Eia Kirkholm.


Campingvogner og el-biler dominerer bruktbilmarknaden

Campingvogn har lenge ligge på topplista over mest populære søkeord på FINN bil, men i år har også bubil komme inn som ein sterk nummer to, noko som tyder på at vi blir stadig meir glade i denne ferieforma.

Tesla held seg også stabilt på lista, og nytt av i år er at Tesla Model 3 også kjem inn på sjuandeplass over dei mest brukte søkeorda på FINN bil, med elbil som heilt nytt søkeord rett under – på ein åttandeplass.

– Marknaden for brukte elbilar blir berre større og større, og vi ser at mange av dei mest populære modellane som vert lagt ut brukt på FINN blir selde utruleg fort, seier Eia Kirkholm.


Møblar på Torget

Topplista for FINN-torget vert i stor grad dominert av søk etter ting til hus og heim, som sofa, hagemøblar, snøfresar, matbord og kommode.

– At stadig fleire får opp auga for brukte møblar og ting til heimen er kjempebra. Mykje av møblane som vert selde på FINN er pent brukt og kan fint brukast i mange år til, seier Eia Kirkholm:

– Vi ser også at mange, særleg studentar og unge brukarar, søker etter gratis møblar på «gis bort» på Torget, for å innreie studiebustaden eller sin første heim. Her kan du finne sofaer, hagemøblar, matbord og kommodar som er helt gratis. Det einaste du kanskje treng å gjere er å bytte putetrekk eller male om litt.


Det er derimot ikkje berre bustadutstyr vi ser etter på Torget. Mange drøymer også om å gjere ein god deal på produkt frå kjente luksusmerker, og FINN-sløkene viser at Rolex og Louis Vuitton er spesielt populære.


– FINN torget vert mykje brukt som second hand-marknad for eksklusive merkevarer, og vi ser at dyre klokker og designervesker er spesielt populært. Det som vert lagt ut til sals er ofte svært pent brukt, og gir gode moglegheiter til å få tak i kostbare, eksklusive produkt, som man kanskje elles ikkje hadde hatt moglegheita til å kjøpe, seier Kirkholm.

Spania og Hellas på reisetoppen

Spania og Hellas er framleis nordmenns soleklare favorittdestinasjonar for utanlandsferier, med Gran Canaria og Kreta som dei mest brukte søkeorda innanfor pakkereiser.

Når det gjeld flybillett-søket, er Oslo etterfølgt av Bangkok og London dei mest brukte søkeorda, tett etterfølgt av Alicante i Spania og Bergen.

Norge og Spania er dei mest populære landa å søke etter feriehus- og hytter til leige i, og her heime er det særleg vinterdestinasjonar som Trysil, Hemsedal og Sjusjøen som er populære.


Topp 10 søkeord over hele FINN:

Sofa

Sykkel

Hagemøblar

Rolex

Småbruk

Snøfresar (opp frå i fjor)

Louis Vuitton

Givast bort

Matbord

Kommode


Topp 10 søkeord Torget:

Sofa

Sykkel

Hagemøblar

Rolex

Snøfresar

Louis Vuitton

Matbord

Givast bort

Kommode


Topp 10 søkeord Motor – Bil:

Campingvogn

Bubil

Tesla

Amg

Cabriolet

Innbyte

Rep Objekt

Tesla Model 3

Elbil

gti


Topp 10 søkeord Motor – Båt:

Windy

Princess

Viknes

Nimbus

Yamaha

Viksund

Fairline

Askeladden

Goldfish

Yamarin


Topp 10 søkeord Motor – MC:

ATV

Tempo

Moped

Utv

Mopedbil

Vespa

Goldwing

Veteran

Vobber

A2


Topp 10 søkeord Eiendom:

Småbruk

Oslo

Fornebu

Hommersåk

Gardsbruk

Konnerud

Trondheim

Oppussingsobjekt

Lillestrøm

Nesøya


Topp 10 søkeord Jobb:

Jurist

Sommarjobb

Offshore

Sjukepleiar

Sjåfør

Elektrikar

Gardermoen

Kokk

HR

Eiendom


Artikkeltags