Gå til sidens hovedinnhold

Ei tidsline etter at ei folkerøysting er bestemt

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg har forsøkt meg på eit lesarinnlegg for å demme opp for ein del forvirring om dette med prosessen framover og korleis eg meiner at den må vere, for ei eventuell reversering av Kinn kommune.

Det har versert ein del uklarheiter om korleis og i kva rekkefølgje ein slik prosess vil sjå ut. Det kan verke som om nokon trur at dette vil skje nærmast som ein tilfeldigheit, men det er ikkje tilfelle.

Ei slik sak krev ei grundig handsaming før den eventuelt vert lagd fram for Stortinget, som så gjer sitt vedtak etter handsaming i kommunalkomitéen. Dette er såleis ikkje ei sak som regjeringa kan avgjere på eiga hand. Det er berre er stortinget som kan gjere nytt vedtak i saka, då det var stortinget som vedtok samanslåinga.

1. Det første som må skje er at Kinn kommunestyre vedtek å halde ei folkerøysting. Gjer dei det, så må følgjande skje:

Der må vere kva spørsmål som skal stillast i folkerøystinga som:

1. Vil du løyse opp Kinn.

2. Vil du forsette som Kinn.

3. Blank stemme

Så må dato setjast for kva tid dette skal skje. Det mest naturlege er 07.02.2022. Då kan saka handsamast i kommunestyret den 10.02.22. Forøvrig så ligg der ein vegleiar på regjeringa si heimeside.

2. Etter at resultatet er talt opp, så gjer kommunestyret vedtak. Dersom der er grunnlag i folkerøystinga, så at dei gjer vedtak om å sende ein søknad til kommunaldepartementet om å be om at departementet startar ei utgreiing om ei slik oppløysing. Der har departementet sett 1. mars 2022 som frist. Her kan ein også ta med søknad om å få same støtte som andre kommunar som vert oppløyste får.

3. Så kan saka starte med at statsråden bestemmer om han vil starte ei slik utgreiing. Gjer han det, så er det naturleg at han gjev dette oppdraget til Statsforvaltaren på Vestlandet. Så skal han gjere sine underøkningar og komme med si tilrådning. I denne undersøkinga så skal han vurdere konsekvensane av ei slik oppløysing både for og imot og komme med ein konklusjon. I dette arbeidet vert også Kinn kommune gjeve høve til å komme med sine kommentarer i ei høyring.

4. Når så Kommunaldepartementet får dette på sitt bord, så har dei frist til 14. mai for å bestemme seg for om dei vil legge dette fram for stortinget med si tilråding.

5. Når så stortinget får saka, så skal den til handsaming i kommunalkomiteen som avgjev si innstilling til stortingshandsaminga.

Det som eg her refererer til, er korleis handsaminga var for Bryggja si grensejustering og korleis prossesen gjekk. Der var eg ein del av forhandlingsdelegasjonen fram til Kinn vart etablert 1.1.2020.

Så ser eg at enkelte er bekymra for korleis dei skal handsame budsjettet for Kinn kommune for 2022-2025.

Til det er det å seie at dersom der vert ei oppløysing, så er Inndelingslova rimeleg klar på dette. Den seier at bygningar og andre innstallasjonar følgjer den nye grensa med at den geografiske delen overtek attverande forpliktelsar, det vil seie gjeld.

Det er såleis ikkje grunnlag for å hevde at alt må setjast på vent i budsjetthandsaming no den 14.12.2021.

Dette vil i praksis seie at gjer Kinn kommune eit budsjettvedtak for 2022, så vil til dømes gjelda på Skram skule følgje med og vert Vågsøy som må overta, likeins om Kinn kommune vedtek å bygge gymsalen ved Flora barneskole, så må Flora overta den gjelda.

Men realiteten er dessverre at Kinn kommune nesten uansett må sette dei fleste investeringane på vent i 2022, for å konsentrere seg om å få balanse i økonomien.

Kommentarer til denne saken