Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det var press på skulestrukturen i både Vågsøy og Flora Kommune dei siste åra før kommunesamanslåinga, og presset har halde fram også etter at Kinn vart ein realitet. Både skulen i Steinhovden og i Stavang er truga av nedlegging samtidig som Florø Barneskule treng ny gymsal og det må byggast ein ny Skram skule. Det må også finnaste ei løysing på svømmeopplæringa i Vågsøydelen av kommunen.
Dersom det vert fleirtal for å reversere Kinn Kommune, så vil innsparingsprogrammet i Kinn Kommune stoppe opp samtidig som ein skal bruke mellom 40 og 50 millionar på å gjennomføre reverseringsprosessen. Sjølv om ein får dekka ein del av kostnadane til oppløysinga så vil pengebruken uansett gå ut over tenestetilbodet og stoppe planlagde investeringsprosjekt. Dei auka kostnadane ved å drifte to kommunar i staden for ein vil også gå utover tenestetilbodet.
I praksis vil dei to "nye" kommunane bli tvinga til å gå gjennom harde kutt. Det vil bli endå hardare krav om nedlegging av skulane i Steinhovden og Stavang. Det er risiko for at den einaste måten å få råd til Skram skule er å legge ned skulane på Raudeberg og i Skavøypoll. Bygging av ny Gymsal ved Florø Barneskule blir skubba ut i tid etc.
Det er berre gjennom å bruke pengar på ei vidare utvikling av Kinn Kommune at ein kan få råd til dei naudsynte prosjekta innan skulesektoren og å oppretthalde grendaskulane.
Å bruke pengar på oppløysing av Kinn er bortkasta pengar.