Gå til sidens hovedinnhold

Ei sørgeleg historie om skakk saksbehandling

Klagesaka i hyttefeltet på Blåhella handlar i realiteten om langt meir enn ein feilplassert støttemur.

Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Saksbehandlinga av hyttefeltet på Blåhella tok til to-tre år før Terra-bomba small i 2007. Denne saka kan sjåast på som ein arv som notidas ansvarlege i planavdelinga og administrasjonen truleg kunne tenkt seg å vere forutan.

Det handlar om utbygging av eit hyttefelt som vart realisert i strid med reglane i plan- og bygningslova. Dei sjønære tomtene var plassert berre 30-40 meter frå fjæremålet, medan plan- og bygningslova set grensa på 100 meter. Grunnlaget for utbygginga var ei enkel skisse. Anleggsarbeidet vart utført i 2008 og 2009, i den same tida den no aktuelle støttemuren i strandsona vart bygd. Planane fekk amen frå administrasjonen før det blei gitt politisk godkjenning. I ettertid vart dette glatta over med naudsynte politiske vedtak og planverk. Det stadfestar diverre munnhellet om at det er lettare å få tilgjeving enn å be om lov.

Det handlar like mykje om den intense konflikten som bygde seg opp då nye eigarar tok over Blåhella-bruket i 2015. Ekteparet Marianne B. Grøthe og Tor Grøthe var i god tru og kjøpte bruket til fritidseigedom, men det viste seg å vere buplikt etter konsesjonslova. Samstundes som dei tok ut separasjon i kampen for å omgå buplikta, la dei seg også ut med hyttenaboane i ei jordskiftesak om eigedomsretten til køyreveg og tilleggsareal til hyttene. Dei vann jordskiftesaka og det skapte vondt blod.

Det fråskilde ekteparet Grøthe gjekk også sigrande ut av prosessen med kommune, Statsforvaltaren, folkeregister og skatteetat om aksept for at fråseparerte Marianne B. Grøthe blei folkeregistrert på Blåhella. Med fast jobb i Hemsedal, postadresse på Gol og ein pendleveg på 68 mil tur/retur Bremanger.

Fleire av hyttenaboane har engasjert seg sterkt med påstandar om at buplikta i realiteten ikkje kan vere oppfylt. Bruket har i følge NOMIL ikkje renovasjonsabonnement og eigarane er sjeldan å sjå. Men kommunen ser det ikkje som si oppgåve å sjekke om buplikta blir respektert så lenge skatten landar i rett kommunekasse. Statsforvaltararen toar også sine hender.

Grøthe slo tilbake mot hyttenaboane med å invitere planavdelinga i kommunen på synfaring i 2019. Målet var å legge til rette for plassering av ein gangsti over eigedommen i strandsona. Dette skulle vere del av ein promenade mellom Struen og sentrum på Hauge. Synfaringa avdekka den feilplasserte støttemuren og nokon andre mindre uregelmessigheiter, noko planavdelinga i kommunen var programforplikta til å reagere på. Den dagsaktuelle saka gjeld denne muren, ei sak som klagepart Roy Riksvold og Eva Hauge isolert sett neppe kan vinne. Saka råkar også ein uskuldig tredjepart, hyttenaboen til Riksvold, som aldri har hatt noko med støttemuren å gjere.

Hyttenaboane kjenner seg urettvist saksbehandla og reagerer på at kommunen ser ut til å spele på lag med Grøthe. Dei har etterlyst svar på brev og epostar og viser til at kommunen er selektive på kva som blir gjort offentleg på postlistene og ikkje. I nokon tilfelle har ikkje brev blitt gjort offentlege før dei er sendt til Statsforvaltaren.

Politimann og forfattar Erling Greftegreff, son av hytteeigarane Torbjørn og Vigdis Greftegreff, har følgt saka med stigande interesse og frustrasjon. Han tok i haust kontakt med Statsforvaltaren i Vestland i samband med påstanden om at driftsbygningen på gardsbruket Blåhella vart gravd ned ulovleg i staden for å bli kjeldesortert. Offentleg korrespondanse frå september 2021 mellom kommunen og Statsforvaltaren stadfestar at påstanden er korrekt.

Saksbehandlar hos Statsforvaltaren påpeikar at bygningen er registrert riven i matrikkelen i 2016, men at det manglar dokumentasjon i sak 2020/16338. Planavdelinga svarer då at dei kjenner til at trevirke og metallskrap vart gravd ned , men at dei har konkludert med at omfanget av forsøplingssaka og risikoen for ureining av grunnen var så liten at dei valde å sjå gjennom fingrane med det. Nedgravinga skjedde kring 2009 og i dette tilfellet var det for den rette personen nok med ein telefonsamtale for å unngå lovpålagde krav.

Vi har følgt denne saka tett over tid og det biletet som teiknar seg er ikkje særskilt flatterande. Saka har over eit tidsrom på 16-17 år med skiftande eigarar og saksbehandlarar blitt komplisert og samansett.

Den aktuelle saka med den feilplasserte støttemuren i strandsona er isolert sett relativt enkel; muren er formelt sett ulovleg oppført. Like ulovleg som det formelt sett er å rive ned og grave ned ein driftsbygning. Men det er ikkje likt for alle.

Les sakspapira til formannskapet 18.okt.

Strandhyttefolket ønsker turgåarar hjarteleg velkomne

– Eg har jobba 42 år i politiet og er kjend med lovverk og saksbehandling. Det eg opplever i Bremanger no, trudde eg ikkje var mogleg

Kommentarer til denne saken