– Den maritime klynga er i verdsklasse når det gjeld kunnskap og kompetanse knytt til sjø og det maritime, men også til å utvikle framtidas teknologi og finne de nye energiberarane, sa Røe Isaksen (H) då han fekk rapporten.

– Difor er det veldig spennande å få overlevert ein rapport om hydrogen som er ein av løysingane, både for å sikre arbeidsplassar og verdiskaping til Norge, men også for å klare det grøne skiftet, sa Røe Isaksen.

Auka samarbeid og politisk handlekraft

På oppdrag frå næringsklyngene Ocean Hyway Cluster og GCE Blue Maritime, har PricewaterhouseCoopers (PWC) utarbeidd ein rapport som peiker på kva nødvendige grep industrien og styresmaktene må ta for å realisere hydrogen som ein kommersielt berekraftig energiberar for maritim næring. Rapporten blei overlevert til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen då han besøkte Ålesund laurdag 31. august, skriv Ocean Hyway Cluster i Florø i ei pressemelding.

Norge har ein unik moglegheit til å ta ein verdensledende posisjon innan bruk av grøn hydrogen som drivstoff dersom vi utnyttar kunnskapen og erfaringane i maritim sektor. Men det vil krevje vilje frå politisk hold til å prioritere risikoavlastning for grøne prosjekt i startfasen, konkluderer rapporten.

Tysdag kom også nyheita om at Brødrene Aa har utvikla ein hurtigbåt som går på hydrogen:

Verdsnyheit frå Brødrene Aa - lanserer hurtigbåt som går på hydrogen

Best å bruke lokal grøn kraft

Tilgangen på grøn energi frå vind, sol eller vasskraft er et av våre viktigaste fortrinn og rapporten viser at lokalprodusert hydrogen med elektrolyse truleg er det mest sannsynlege og mest berekraftige.
Skal hydrogen bli et reelt alternativ til dagens fossile drivstoff må det byggjast ut et nettverk av strategisk viktige produksjonsstader og ein infrastruktur tilpasset behovene til næringsaktørane. I fylket vårt er det fleire slike lokasjonar, noko som gir oss eitt fortrinn, men det er framleis ein stor jobb å gjere før tilbod og etterspørsel her kan møtes i et lønnsamt marknad, meiner dei.

Vil krevje politisk handlekraft

Det nasjonale målet er å redusere Co₂-utslepp frå innanriks skipsfart med 50 prosent innan 2040.

– Skal vi nå dette ambisiøse målet vil det krevje ein massiv endring av energimiksen og hydrogen kan her vere ein viktig del av løysinga. Politiske styresmakter på nasjonalt og regionalt nivå må bruke innkjøpsmakt i nye anbod på kollektivtransporten til sjøs, samtidig som de får på plass et regelverk som holder tritt med utviklinga, seier Stein Kvalsund i Ocean Hyway Cluster.

– Ei vellykka realisering og implementering av bruk av hydrogen i maritim sektor er avhengig av eit komplementært samarbeid mellom leiande aktørar og miljø i næringa, seier Kvalsund.

Ingen grøn løysing utan næringsklyngene

I Norge har ein lykkast med klyngeprogrammet som har blitt ein modell for innovasjonsarbeid og bransjesamarbeid som løftes fram nasjonalt og internasjonalt. Eitt av suksesskriteria er at klyngene tar opp i seg både store og små bedrifter i hele verdikjeda.

Gjennom klynge til klynge-samarbeid møtes verdikjeda på tvers av sektorar og bransjar. Klyngene er tett på verkemiddelapparatet og kan trekke inn riktige ressursar til riktig tid. Klyngene er altså på mange måtar nøkkelen til det grøne skiftet innan transport. Her ligg erfaringen med å bygge tillit mellom aktørar og samarbeid på tvers.

– No kan vi skimte ei spennande framtid for dei som jobbar med hydrogenløysingar. Men vi må ikkje framstille det som om lønsemda kjem av seg sjølv. Det er ein jobb å gjere, og den må vi ta saman i industrien, politikken, det offentlege og klyngene, seier Per Erik Dalen i GCE Blue Maritime