Høgrerepresentant i Kinn, Morten Hagen, hevda i Firdaposten at Facebook-sida "Nei til Kinn" sitt negative fokus på kommunesamanslåinga er ei konkret årsak til at Kinn kommune ikkje er kommen dit den burde vere på dette tidspunktet. Det meiner han gjeld både i høve prosessar, positivitet, informasjon ut til publikum og sjølvkjensla for dei som skal jobbe i systemet. Rådmann Terje Heggheim har også fått sin rikelege del av negative karakteristikkar retta mot seg, men han meiner bildet har litt fleire detaljar enn det Hagen hevdar.

Nei til Kinn tek fokus frå arbeidet

– Eg tenker at det er litt meir nyansert enn som så. Men om Hagen meiner at «Nei til Kinn» har påverka framdrifta i samanslåingsprosjektet, så har han eit par poeng. For det første har «Nei til Kinn» sine tallause innspel, merknadar og skriveri tatt fokus vekk frå det som elles hadde gått med til å sikre ei god framdrift. Det går også tid i kommuneadministrasjonen til å dokumentere ulike påstandar eller å ta til motmæle når feil fakta blir for formidla. Då har Hagen eit poeng, meiner Heggheim.

Han påpeikar likevel at Kinn-samanslåinga har hatt kortare tid på seg enn dei fleste andre nylege kommunesamanslåingar.

– Når ein tenker på at Kinn-prosjektet blei igangsett eit og eit halvt år etter dei andre kommunesamanslåingane, så har vi komme veldig langt, på kortare tid enn dei andre. Og eg har brukt mykje tid i leiinga på å ha fokus på jobben vår og ikkje hefte oss for mykje med dei som representerer «Nei til Kinn» og kva dei står for.

– Eg har tatt eit val

Nyleg blei det arrangert ein opplæringsdag for nye folkevalde, og der var «Nei til Kinn» eit tema.

– Stemmer det at «Nei til Kinn» var eige tema under folkevald-opplæringa?

– «Nei til Kinn» var ikkje eit eige tema, men dei folkevalde på sosiale media var eit eige tema. Og i samband med det kom ein også inn på «Nei til Kinn», og på korleis dei folkevalde opplever å vere i ein dialog med dei på sosiale media. Eg opplevde folkevalde som sa at det er svært krevjande, og at mange i den seinare tida har brent bruene til den nettstaden.

– Korleis påverkar dette deg personleg?

– Eg må vere så ærleg å seie at eg ikkje er på sosiale media. Eg er ansvarleg for kommunen sin profil på sosiale media og der prøver vi å vere faktabaserte. Men personleg har eg tatt eit val – og det handlar ikkje berre om «Nei til Kinn», men generelt. Eg veit at om eg hadde vore der, ville det ha vore krevjande for meg òg. Eg er ikkje redd for å gå i dialog med Nei til Kinn – langt frå. Men eg meiner tida mi må prioriterast på ein heilt annan måte enn å nytte den til å gå i dialog med dei som meiner at Kinn gjer vondt- det er jo det dei hevdar. For meg handlar det om at eg jobbar så mange av døgnets timar at skulle eg ha prioritert sosiale media i tillegg, så meiner eg det ville vore ei feilprioritering for meg, avsluttar Heggheim.