Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er ikkje mangel på telefonar frå nasjonalmedia som ringer meg for å spørje om eg har noko negativt å seie om Jonas til dagens avis.
Og det einsidige hardkøyret skal vi no tåle.
Men når eg no ser at det er ein drøss med folk i kommentarfelta som slenger seg med på konspirasjonsteoriar. Om at Jonas berre bruker mora si som døde i går, som eit forsøk på å vinne stemmer, så kjenner eg at nok er nok.
Og det håper eg det er fleire som kan vere samd i uansett kva partifarge ein måtte ha på pinsen sin.
Vi skal stå i den stormen saman.
No må det handle om politikken. Om det er ein ting vi har lært frå USA, så er det kva retning vi _ikkje_ ønskjer for samfunnsdebatten vår.
Eg har trua på noko betre.