Gå til sidens hovedinnhold

– Eg har jobba 42 år i politiet og er kjend med lovverk og saksbehandling. Det eg opplever i Bremanger no, trudde eg ikkje var mogleg

Hytteeigar Roy Riksvold stoler no så lite på administrasjonen i Bremanger kommune, at han personleg leverer alle brev om saka si direkte i hendene på dei folkevalde.

Roy Riksvold meiner han er utsett for nepotisme, partisk sakshandsaming og brot på offentlegheitsprinsippet i forvaltninga.

Han er ein av hytteeigarane på Blåhella i Ytre Bremanger. Han og hyttenaboane kjøpte eigedommane sine i 2005. Hyttefeltet var ferdig oppmålt, godkjent og innflytta i 2008.

Frådelinga av dei sjønære tomtene vart opphavleg avslått i april 2004, men det vart likevel gitt eit administrativt løyve til realisering i juli 2004.

Utbygginga vart ikkje utført i tråd med nokon godkjent utbyggingsplan, men kommunen godkjende likevel utbygginga i ettertid. Hyttetomtene blei plassert langt nærare sjøen enn det opphavlege kravet på 35 meter, men blei likevel godkjent. Det går fram av planavdelinga sitt notat frå synfaring på Blåhella i februar 2019.

Nye eigarar

I 2015 selde grunneigarane gardsbruket på Blåhella til nye eigarar. Etter den tid har det vore ei rekke konflikter, og Firdaposten har mellom anna skrive om konflikten om buplikt på hovudbruket. Det har også vore strid om vegrett og tilleggsareal til tomter, som måtte avgjerast av jordskifteretten.

No blussar konfliktane opp på nytt, ved at noverande eigar av hovudbruket inviterte til synfaring med kommunen sine folk i februar 2019. Då blei det påvist ureglementert terrassebygging og ein feilplassert støttemur mot sjøen.

– Vi hadde eit godt forhold til dei opphavlege eigarane. Dersom dei hadde noko å utsette på muren, så burde vi høyrt det den gongen, ikkje no 12 år seinare, med ny eigar, påpeikar Riksvold.

Han har no sendt inn klage på vedtaket som blei gjort i førre formannskap, der søknaden om dispensasjon for muren blei avslått. I vedtaket blir både Riksvold og eigar av hovudbruket, Marianne Byman Grøthe, pålagt å sørge for å flytte muren. Vedtaket seier også at flyttinga skal gjelde heile murens lengde, også på naboeigedommen, som ikkje er del av denne saka. Plasseringa av det økonomiske ansvaret for arbeidet vil truleg bli svært krevjande.

Dialog via advokat

Advokaten til eigaren av nabohytta til Riksvold, Helge Posner, peikar på at byggetiltak som kommunen meiner er ulovlege, er utført før noverande eigar kjøpte hytteeigedommen.

Advokaten presiserer at bygginga av den aktuelle muren ikkje er bestilt av hans klient og at kommunen må avklare saka med entreprenøren som har bygd den. Også tidlegare eigar avviser via sin advokat å ha tinga noko bygging av mur.

Dette gjer at det er Riksvold, som pliktskuldig har følgt kommunen si oppmoding om å få i orden alle papir og søke om dispensasjon i ettertid, som blir sitjande att med «Svarteper.» Han meiner at saka i realiteten er ein «takk for sist» frå gardseigar Byman Grøthe og den formelt fråskilde ektemannen Tor, fordi hyttenaboane engasjerte seg ved å påpeike at buplikta på garden faktisk ikkje er oppfylt.

Munnleg avtale

Riksvold viser til at entreprenøren utførte murejobben i 2008 etter muntleg avtale om å vere tiltaksansvarleg og bygge den etter gjeldande reglar og forskrifter. Utan at Riksvold var tilstades, vart muren plassert rett utanfor eigedomsgrensa til hytta og inne på arealet til hovudbruket.

– Muren blei akseptert av ein av eigarane på hovudbruket i 2008 og den muntlege avtalen mellom oss blei overhalden understrekar han.

Det finnest ikkje dokumentasjon frå 2008 på kven som eventuelt har søkt om tiltaket eller noko igangsettingsløyve i dei kommunale arkiva. Det blir ord mot ord.

Firdaposten har så langt utan hell forsøkt å få kontakt med entreprenøren for å få hans versjon av saka.

Ikkje på postlistene

Riksvold hevdar at kommunen ikkje er balansert i si sakshandsaming og ikkje etterlever prinsippet om offentlegheit i sakshandsaminga. Han saknar tilbakemeldingar på skriv han har sendt inn. Breva til kommunens postmottak dukkar ikkje opp på dei offentlege postlistene, i motsetning til skriv frå andre personar som har innspel i saka.

Det ser ut til at alt som kan tolkast som kritikk av kommunen blir unnateke offentleg innsyn.

Riksvold har bede om å få ein ny saksbehandlar, fordi han opplever at handsaminga ikkje er verken profesjonell eller rettferdig. Han har opplevd å bli møtt med trugsmål om gebyr, som det i ettertid viste seg ikkje å vere formelt grunnlag for. Et anna døme er at ein annan av strandhyttenaboane med betre kontakter i kommunen, dei seinare år fått godkjent nye byggetiltak i 100-metersbeltet ved sjøen, utan nabovarsel på førehand. Det fekk dei først i ettertid etter felles skriftleg klage.

Personleg oppmøte

For å vere sikker på at informasjonen han sender inn blir formidla vidare til politisk nivå, møtte Riksvold i påskeveka opp på rådhuset med personlege brev til ordførar og kvar enkelt formannskapspolitikar. Då fekk han lovnad om at brevet, som inneheld detaljerte opplysningar om det han meiner er urettferdig og kritikkverdig sakshandsaming, skulle bli vidareformidla til alle.

– Eit viktig prinsipp i offentlig forvaltning er at folk blir behandla likt. Vedtaket i formannskapet 11. mars tyder på at noko har svikta. Eg blir pålagt å rive muren og tilbakestille terrenget, samstundes som det også skal gjelde den delen av muren ligg framfor naboen si hytte. Har naboen fått samme pålegg som meg? Utanfor hytta lengst vest er det fylt store mengder jord ut over tomtegrensene. Blir det pålegg om fjerning også her? spør Riksvold.


Klagehandsaming i juni

Firdaposten har presentert artikkelinnhaldet for administrasjonen i Bremanger kommune.

Leiar for planavdelinga, Magnhild Myklebust, ser ikkje noko poeng i å kommentere saka:

– Klagesaka skal handsamast av formannskapet den 3. juni og før den tid har eg ikkje meir tid å bruke på den, slår ho fast.

Riksvold har no skaffa seg advokathjelp i saka.

Det ser ut til at den administrative godkjenninga av denne utbygginga i strandsona i 2004, kan ha kosta kommunen svært mykje i form av ressursbruk på sakshandsaming.

Les også

Strandhyttefolket ønsker turgåarar hjarteleg velkomne

Les også

Fleire feil har skapt ei betent strandsonesak

Kommentarer til denne saken