Årets trenar i 2019 Gjert Ingebrigtsen lova Tone Strømmen i FT & IF at han skulle komme til Sparebanken Sogn og Fjordane sitt store inspirasjonsforedrag 14. januar. Å gjennomføre det dei har planlagt, det er sjølve kjernen i prestasjonsgruppa i Team Ingebrigtsen.

– Så har vi sagt at vi kjem til Florø den 14. januar, så kjem vi til Florø 14. januar om vi så må ro, kom det frå scena under foredraget.

For han kan verken seie nei til Tone Strømmen i FT & IF eller namnesøstera han er gift med. For som han seier Gjert, som dei fleste no er på fornamn med, han er ekstremt godt gift. Sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, så er det mor Tone som er den verkelege sjefen i Team Ingebrigtsen.

Gjert Ingebrigtsen er spesialist i logistikk. Det betyr at han er god på planlegging og gjennomføring. Og det historia har vist er at det er det som er grunnlaget for den vanvittige suksessen til familien som folk i Norge har blitt kjende med etter at realityserien Team Ingebrigtsen vart tilgjengelege på TV-skjermane i norske heimar.

Å vere seg sjølve

For dei har møtt motstand familien. Gjert har aldri sjølv drive med idrett, og er ein sjølvlært trenar. Han er sett på som den fanatiske faren som aldri rosar, men piskar ungane sine opp i otta for å gjennomføre treningsøkter i storm og slaps. Dette inntrykket har blitt noko nyansert etter at han vart TV-kjendis. Men berre litt.

For han er knallhard Gjert Ingebrigtsen. Men det er slik toppidrettsutøvarane i familien vil ha han. Og det er dette med å skilje mellom kva som er barneidrett og kva som er toppidrett dette handlar om. For Gjert Ingebrigtsen fekk som Magnus Carlsen, etter sin beste sesong nokon gong, ikkje innpass blant eliten under idrettsgallaen då han nekta å følge det politiske korrekte utviklingstrappa.

Du kan ikkje diskutere med resultat, det kan du berre ikkje

Gjert Ingebrigtsen

No etter at Gjert og sønene leverte resultat som i utgangspunktet var umogelege, så har mange toppidrettsekspertane måtte ete hattane sin. For det er noko forfriskande unorskt over Gjert Ingebrigtsen og familien frå Sandnes. For dei utfordrar alle den nedfelte sanningane om kva som går og kva som ikkje går. Dette inspirerer.

– Du kan ikkje diskutere med resultat. Du kan ikkje det, seier han. Og med rette.

Vi har stilt dei same spørsmåla som sikkert alle journalistar har stilt til Gjert Ingebrigtsen sidan Henrik og Filip, dei to eldste slo gjennom og yngstemann Jacob viste interesse for å følge i deira spor. Blir gutane pressa hardt? Har dei noko val i treninga? Korleis kombinerer du rolla som far og trenar og kvifor så hard? Er du kritisk til breiddeidretten og dugnadsmodellen i norsk idrett?

– Toppidrett er noko heilt anna

– No må vi berre skjønne at vaffelsteikinga og dugnad ikkje skaper toppidrettsutøvarar altså! Kjem det tornande frå Ingebrigtsen. Det er berre eg og han som sit i eit rom i banken, men engasjementet er like fullt skrudd på topp.

Men det er ikkje slik at han ikkje likar breiddeidrett. Han elskar breiddeidrett.

– Eg ville nok vore den aller verste skulle eg vore engasjert i idrettslaget der gutane mine var. Men eg var pappa på sidelinja, seier han og er glad at idrettslaget tok seg av aktiviteten. Det var då Henrik (28 og eldstemann) med sitt vanvittige vinnarinstinkt kom til faren og bad om hjelp til å bli best, det var då Gjert tok tak. Han ville ha ei forsikring om at sonen visste kva han bad om. Toppidrett er noko heilt anna. Det gjorde Henrik, så laga Gjert planen. Og han sette eit krav om at har du sagt A så får du seie B. For gjennomføringa er pappa Ingebrigtsen overtydeleg på. Og det er har kanskje bildet av den fanatisk disiplinerte Gjert har teikna seg. Og ein ting har Gjert funne ut. Han må vere den same, og han kan ikkje vike frå planen og krava som ligg i den.

– Eg er eigentleg svært så bedageleg som person. Eg hadde aldri, under nokre omstende, stått opp klokka 05.30 for å trene kvar dag. Men det gjorde Henrik. Han følgde planen vi var samde om. Etter det har vi gjenskapa og forbetra planane år for år, og resultata blir også betre og betre, fortel Gjert.

Litt sunnfjording

Mellomdistanse er ein prestisjeøving i friidrett. Skal vi nordmenn kunne konkurrere blant dei beste etiopiarane og kenyattane oppvaksne i høgda? Det har mange sterke meiningar om. Dette er pappa Ingebrigtsen heilt tydeleg på. Han parkerer dette gen-spørsmålet umiddelbart.

– Om vi kan ja. I aller høgaste grad, påpeikar Ingebrigtsen.

Og som han nemnde tidlegare, du kan ikkje diskutere med resultat.

– Eg er faktisk ein åttandedels-Sunnfjording. Oldefaren min er faktisk frå Dale i Sunnfjord og i genane våre har vi vore store og sterke opp gjennom historia, vi er vande med å jobbe tungt og har alt som skal til for å bli så gode som vi vil. Det er ingen som skal kunne fortelje meg nok anna, slår han fast.

Frå scena i samfunnshuset tysdag kom han med eit spesielt frieri til alle oss som er oppvaksne på kysten. Vi som produserer alt slik at austlendingane kan skumme fløyten. Og dei 300 i salen fall pladask.

Då er eg berre pappa

På spørsmål om korleis det er å vere pappa med tre av gutane sine i finalen på 5000 meter i VM, så er han som dei fleste fedrar.

– Det er så sterkt, du ana ikkje. Eg har sagt heile tida at under konkurransane så er eg berre far for gutane mine. Eg er heilt ubrukeleg eg kan bere sekken eller halde flaskene deira, seier Gjert og smiler. Også her er han litt annleis enn trenarfedrar flest.

Men han er ekte. Det er nok difor vi nordmenn har trykt denne uvanlege toppidrettsfamilien i Sandnes til brystet. For dei er dønn ekte og dønn ærlege. Hadde TV-serien vore polert og redigert, ville dei blitt avslørt. Det meiner i alle fall Gjert. TV-serien har hatt med seg mykje positivt. Å vere seg sjølve, og finne tryggleik i det, meiner Gjert har styrka familien etter at dei slepte inn i stovene hos det norske folk. Men til hausten i år er han også glad for at prosjektet er over.

– Eg har sagt til produksjonsselskapet at eg ikkje vil sjå eit manuskript, eg vil ikkje høyre om at dei vil ha eit nytt opptak av noko, og eg vil ikkje sjå noko av det som blir sendt. Vi må stå for den vi er og det vi gjer, slår han fast.

Og nettopp det brutalt ærlege er også det inspirerande ved Gjert Ingebrigtsen. Han har blitt spurt om hjelp. Han seier ja, og set krav. Så er han den fanatisk diktatoriske og knallharde, den som krev at gjennomføringa skal vere som avtalt. Planen skal følgast.

Han er ikkje noko spesielt fengslande reint retorisk der han står på scena i Flora Samfunnshus. Men vi kan sjå at han er stolt over resultata han har fått til. Resultata han har fått til mot alle odds i ein verdsidrett nordmenn ikkje skal kunne hevde seg om ein rettar seg etter alle dei etablerte sanningane. Han fortel berre kva dei gjer. Og korleis gjennomføringa blir gjort. Etter plan utan avvik. Det gir resultat. Og du kan som sagt ikkje diskutere med resultat. Difor er Gjert Ingebrigtsen blitt den største foredragshaldaren i landet.