Gå til sidens hovedinnhold

Du kan risikere å måtte vente ved Naustdalstunnelen framover

Ventetida kan komme oppi 30 minutt.

FIRDA: Mellom fredag 27. august og fredag 10. september skal Magne Hafstad AS utføre vedlikehaldsarbeid inne i Naustdalstunnelen på riksveg 5. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Det vil difor bli manuell dirigering på staden og leiebilkøyring i perioden. Dette kan føre til at trafikken blir stoppa i periodar opptil 30 minutt mellom klokka 06.00 og 16.00.

31. august vil også tunnelen vere stengd mellom klokka 22.00 og 00.00.

1. og 2. september vil tunnelen vere stengt mellom klokka 22.00 og 01:00. Då vil det gå kolonne begge vegar klokka 01.00. Etter dette og fram til klokka 04.00 vil tunnelen vere stengt. Klokka 04.00 vil det gå ei kolonne begge vegar, før den blir stengd att fram til klokka 05.30.

Kommentarer til denne saken