Laurdag melde Vest politidistrikt at dei har mottatt ei svindelsak.
Ein person skal ha tatt kontakt med ei eldre dame via telefon. Vedkomande skal ha presentert seg som politibetjent, og sagt at dei hadde registrert mistenkeleg aktivitet på kontoen hennar, skriv politiet.
Personen skal ha bede om personopplysningane hennar, og også informasjon om kodebrikke.
Med store bokstavar skriv politiet på Twitter: «POLITIET BER ALDRI OM NOKONS KONTO/ BANK-ID VIA TLF».
Den eldre dama skal ha blitt svindla for store summar, ifølge politiet, som ber deg vere ekstra på vakt