Du er velkomen!

Av
DEL

DebattI 1841 kom ein ny assistent til ein fabrikk i London - 20 år gamle George Williams. Han var fødd i Sør-England og var son av ein velståande bonde. 15 år gamal reiste han heimafrå for å gå i lære hos ein manufaktur- og tekstilforhandlar. Her fekk han utvikla forretningstalentet sitt, i tillegg til at han blei dramatisk og radikalt omvendt.

Williams var rysta over tilhøva i storbyen. utnytting av arbeidskraft, elendige sosiale forhold og sosiale utfordringar gjorde at William slo seg saman med andre og starta YMCA. Ideen har no spreidd seg til 120 land, og over 85 millionar mennesker i KFUK KFUM deler den same visjonen om at du er velkomen, og at ein må kjempe imot urett. Det er nok av utfordringar å ta tak i!

KFUK-KFUM sitt sosiale engasjement er spreidd på mange felt, og i desse dagar kjempar vi saman med mange andre for å redde barna ut av Morialeiren. Saman med våre brødre og søstre i Hellas jobbar ein kvar dag for å gjere livet litt betre for alle dei små som sit fast i Moria.

Kvifor overskrifta: “Du er velkomen”?

Vi vert triste og lei oss over diverse meiningsytringar der ein med Bibelen i hand definerer homofili som synd. At nokre skal måtte undertrykke sin eigen identitet er ikkje noko vi som ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon kan stille oss bak.

Vi i KFUK-KFUM og mange med oss i kyrkja ynskjer med heile vårt hjarte å rope ut at du er velkomen hos oss, som den du er! Her skal du føle deg trygg, her skal du føle deg verdifull og her kan du kome slik du er.

“Da jeg var 14 år, trodde jeg at det ikke gikk an å være kristen og samtidig støtte og anerkjenne at homofiles kjærlighet er like mye verdt som andres. Heldigvis forvillet jeg meg inn på en Ten Sing-øvelse.”

Desse orda kom frå Marte B. Åsen, som i ein artikkel på KFUK KFUM si heimeside skriv om korleis ho opplevde eit varmt og inkluderande miljø i Ten Sing på heimstaden sin. Slike miljø vil vi ha fleire av, der du kan kome som du er og vere den du er.

Haldningsarbeid må starte tidleg, ein må gjere barn og ungdom bevisste på at vi er forskjellige og at vi tar ulike val utifrå den vi er, og at dette er noko vi skal verdsetje. Gjennom å sette ord på dette kan ungdom som har dragning mot same kjønn skal føle at dette er normalt. Heldigvis har Norge kome langt i dette arbeidet, men fortsatt har vi mykje å ta fatt i. Vi vaksne må og gå i oss sjølv. Vi skal vere gode rollemodellar for den oppveksande generasjon, derfor skal vi vere bevisste på korleis vi opptrer, uttaler oss og agerer i møte med ungdom.

Vårt motto er “vær den du er og stå opp for andre”. Trekanten er symbolet vårt. Gjennom den symboliserer vi at vi ynskjer å ta på alvor heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Derfor ønsker vi i KFUK-KFUM å stå fremst i rekkene og ynskje deg velkomen, velkomen slik du er!

Lukke til med SoFjo Pride digitalt 2020. Vi er med!

Stein Robert Osdal, dagleg leiar, og Roy Olav Hordvik, styreleiar, KFUK KFUM Sogn og Fjordane.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags