D/S «Stavenes» får millionstøtte

D/S Stavenes får millionstøtte frå Riksantikvaren.

D/S Stavenes får millionstøtte frå Riksantikvaren. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Riksantikvaren deler ut 60 millionar kroner til fartøyvern i 2017. Tilskota går til antikvarisk restaurering av freda og verna fartøy over heile landet. I dag finst det om lag 240 fartøy på Riksantikvarens verneliste, der 14 av desse er freda.

– Målet med dei statlege tilskota er å få flest mogleg av dei historiske fartøya til å vere i bruk slik at mange får oppleve dei i sitt rette element, nemleg på sjøen, seier riksantikvar Jørn Holme i ei pressemelding.

I Sogn og Fjordane er det tre fartøy som har fått tilskot og desse er passasjerbåten Gamle Solundir (1972), skyssbåten Stangfjord (1933) og det dampdrevne lokalskipet D/S Stavenes (1904).

D/S Stavenes har fått det høgaste tilskotet i fylket, med éin million kroner. Dampskipet vart bygd i 1904 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Etter 26 år med dugnadsarbeid gjekk skipet teknisk prøvetur i desember 2016. Sist skipet gikk for eiga dampmaskin var i 1953. No skal dei i gong med arbeidet med lugarar og salongar.

Det kom inn søknader frå 154 fartøy på til saman 285 millioner kroner. Riksantikvarens budsjett dekker kun 21 % av den totale søknadsmassen.

Her kan du sjå ei fylkesvis oversikt over fartøya som får støtte

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken