Tropesommaren i fjor førte til at fleire drukna

Av

FLORØ: Auken i talet på personar som drukna i 2018 kan tilskrivast det gode sommarveret, seier ekspertar.

DEL

– Kvart år druknar rundt 100 personer i Norge. Det er 100 for mange, seier generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet, som står bak oversikten.

I 2018 drukna 102 personar i Norge. Det er ein auke på ti prosent frå året før. Sogn og Fjordane toppar den negative statistikken, med ti dødsfall i fjor, det same som Rogaland hadde.

Fram til 31. november drukna 97 personer, medan fem omkom i desember. To av dei omkomne blei funne i elvar, medan to andre blei funne i sjøen. Den siste personen hamna i vatnet etter å ha køyrt av vegen i Søgne i Vest-Agder. Framleis er godt vaksne menn overrepresentert på statistikken. Åtte av ti drukna i 2018 var gutar eller menn.

Særleg drukning i samband med bading, bidreg til fleire omkomne i 2018 samanlikna med 2017, ifølge Redningsselskapet.

I 2018 drukna 18 personer under bading, mot tre året før. Ni av dei omkomne var i 70- eller 80-åra, medan tre var barn mellom 9 og 14 år.

– Det høge talet er truleg resultat av ein uvanleg fin sommar. Fleire av dei omkomne bada ålene, og dei har kanskje overvurdert eigne ferdigheiter, seier Tanja Krangnes, ansvarleg for fagfeltet drukning i Redningsselskapet.

15 av dei som drukna i Norge i fjor var utlendingar.

Artikkeltags