Opphavleg skulle rettssaka gått for Sogn og Fjordane tingrett i starten av november. Men få dagar før oppstart vart saka utsett på grunn av sjukdom.

No har saka fått ny berammingsdato i tingretten, og oppstart er planlagt 15. mars. Det er sett av fire dagar til rettssaka.

Knut Broberg er dommar i saka, Eirik Stolt-Nielsen representerer Statsadvokatane i Hordaland Sogn og Fjordane og Malin Skorpen Østvik er forsvarar for den tiltalte mannen i 20-åra.

Det var i november i fjor at drapsalarmen gjekk i Florø, for andre gong det året. Den tiltalte har vedgått å ha knivstukke ei kvinne gjentekne gonger, slik at ho døydde av skadane. Tiltalte har vore varetektsfengsla sidan drapet skjedde, men då som innlagt på psykiatrisk avdeling. Rettspsykiatrane som har vurdert mannen meiner han var psykotisk under drapshandlinga.