Rekonstruksjon av drapet i dag

Politiadvokat Inger-Lise Høyland på åstaden fredag.

Politiadvokat Inger-Lise Høyland på åstaden fredag. Foto:

Det blir ein rekonstruksjon av drapet i Florø på åstaden fredag føremiddag.

DEL

I samband med etterforskinga av drapet i Florø i april vil politiet gjennomføre rekonstruksjon på åstaden fredag 14. juni.

Begge dei sikta har samtykka til å delta på ein slik rekonstruksjon.

Rekonstruksjonen er eit avhør med kvar av dei to sikta som skjer på staden for den straffbare handlinga. Dette letter forklaringa for dei sikta, der dei får plassere dei involverte og lettare kan forklare kva som skjedde på staden. Ein rekonstruksjon gjer det og lettare for politiet å sjå eller forstå kva dei sikta forklarar, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding..


Artikkeltags